- Project Runeberg -  Bondestudentar /
236

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_236_

ung Mann ... so sterk i Trui, so ærleg i sin Dom
yver seg sjølv . . . Ikkje sannt ?« — Jau, det var
visst so. — »Kva er det for andre Studentar, du
kjenner?« — Daniel tenkte seg um, nemnde so Hans
Haugum. So maatte han fortelja um Hans Haugum,
og det gjorde han paa den Maaten, at han fortalde
alt, som han tenkte Pater vilde lika. »Ja, det er
merkjelegt«, sagde Pater tilslutt; »det er som
Vaar-herre just hev lagt dette tilrettes for deg . . . Student
Stensrud var her just nyleg og bad meg driva paa
. . . og no kjem du. Kva var det no, du heitte?«
»Daniel Braut.« — »Daniel Braut. Ja, maatte du
verta ein Daniel! Høyr no herupp um nokre Dagar;
eg trur visst, Vaarherre hjelper deg.« Han slog
Daniel paa Aksli og lo: »Du er ein ægte Bondegut,
Far! so still og trufast . . . ein sann Israelit, som
der ikkje er Svik i. Eg er so glad i slike Gutar;
eg er sjølv ein Bonde i Grunnen; og Bonden, ser
du! Bonden, det er Mergen —! »Hvad Bondens
Bund kan bære, skjønt sjelden der blev saad, det er
vor Folkeære og har vor Fremtid spaad!« segjer
Diktaren. — Ja, lat oss takka Gud for det. — Var det
nokot annat, eg kunde hjelpa deg i?« — Daniel
raudnad og drog paa det: »Ja —; det kunde ikkje . . .«
»Tala fritt!« sagde Pater. »Lat meg vera som ein
Far for deg; ver ikkje rædd. Der er ikkje nokot
sælare enn aa vera — liksom — Haand for Guds
hjelpande Vilje. De treng Pengar ?« — Aa, det var . . .
kanskje ikkje fritt . . . Pater smilte. »Just i Dag
var her ein Mann og gav meg tie Dalar, som han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0245.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free