Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_249_
Det galdt aa fara varlegt. Det einaste, som
kunde berga han, um galet skulde gaa, var, um han
til den Tid fekk Proprietæren paa si Sida. Det
fekk han daa prøva paa. Og han gjekk sin Husbond
under Augo, so godt han kunde.
Han var komen hit i den Tanken, at han vilde
sona for si Synd mot Kapellan Hirsch gjenom sitt
Lærar-Arbeid. Han vilde læra dei tvo smaae
Stensrud’arne aa tru paa Aand. Men daa han strakst
kunde forstaa paa Proprietæren, at denne ikkje likad
den aandfulle Metoden, gav han Tanken upp. Syndi
mot Hirsch fekk han sona sidan; det var ikkje for
honom aa hava nokon Vilje no. So tok han til aa
undervisa paa den Maaten, som han hadde lært av
Kandidat Massmann.
Dessverre var der litet Framtak i Gutarne. Dei
var tunge og dauve, og han likad dei ikkje. Aa
arbeida med dei var som aa skvetta Vatn paa Gaasi.
Etterkvart gleid daa Daniel yver i den vanlege
aand-lause Latinskulemaaten: han høyrde Leksur og var
like sæl. Men naar Fru Andrine spurde etter um
Sønerne sine, sagde Huslæraren, at han trudde det
var emnelege Gutar. Dei hadde ikkje raatt or enno;
men dei kom seg nok. Ein kunde i Grunnen ikkje
forsvara aa segja annat til ei Mor helder, tenkte han.
Fru Andrine var andre Kona til Proprietæren;
fyrr hadde ho voret Hushaldar hjaa gamle Provsten.
Ho lagad god Mat og styrde Huset godt; meir kunde
ho ikkje, og meir kravde ingen av henne. Den,
som hadde voret upp vaksen i eit slikt Hus, tenkte
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>