- Project Runeberg -  Bondestudentar /
276

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_276_

skipast eit litet nytt Embættsverk for den Saki . . .
med Treskoinspektørar og Treskoprofessorar og so ein
Treskosjef i Kyrkjedepartementet ... ja; og so ei
diger Bok med Innberetningar kvart Aar, og
Betenk-ningar og Planar og ditt og datt . . . Herre Gud!«
ropad han til Proprietæren, »berre finn Folk, som vil
kjøpa Tresko, so skal du nok sjaa, at Bonden lærer
aa gjera deiU —

Etter dette vart der eit Ordskifte um
Embætts-standen. Lensmannen var forargad yver den
Treskosjef en og gav litt vondt; dei unge Juristarne gjorde
det same; slikt skulde ein upplyst Mann ikkje segja,
meinte dei. Og det heldt Daniel med dei i.
Grosseraren svarad ikkje stort paa dette; men daa dei var
ferdige, forklarad lian, at naar det uproduktive
Embættsarbeidet galdt for det høgste i eit Land, so
maatte Landet armast ut. Han vilde, at dei beste
Hovud skulde leggja seg paa det praktiske, og so kunde
dei næstbeste eller medelsgode Hovud greida all denne
Protokolførsla og alle desse Innberetningar.
Lensmannen vart raudare og raudare i Kammen; Hr.
Becker og Hr. Petersen kallad Grosseraren for ein
Jaabækianar; Fru Storr sat og kremtad. Det same
gjorde Proprietæren. Han visste tilslutt ikkje annat
Baad enn aa halda ein Tale. So heldt han ein Tale
for Embættsstanden, um vaar hæderlege
Embætts-stand, som me maatte takka Gud for, og den Talen
sluttad han med ei Skaal for Lensmannen, »som her
var Embedsstandens Kepræsentant«. Lensmannen
svarad med ei Skaal for Odelsbonden, den gjæve

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free