- Project Runeberg -  Bondestudentar /
281

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_281_

Tuva, han sit paa, men gjeng og trælar for Banken,
d. v. s. for Pengemannen . . . Ja. Det er sagt her,
at han arbeider . . . at han arbeider som Træl* —
»Hm!« sagde Lensmannen —; »og det er sannt, han
arbeider som ein Træl; men s o var det just, at han
ikkje skulde arbeida! han skulde arbeida med Lyst!
det er Tingen, med Lyst! Ja. Men det kann han
ikkje, so lengje han er Villmann og hatar Arbeidet
. . . og so lengje det aa vera Embættsmann, det aa
liva trygt og godt og rolegt og uproduktivt, er det
høgste i Landet.« »Hm!« sagde Daniel. »Men slik
er det no; og Bonden ser og høyrer ikkje annat
for seg ... og so lærer han aa lengta burt fraa
sitt Arbeid og sin Stand, istadenfor at han skulde
leggja heile sin Hug i Arbeidet, og dermed . . . gjera
Framstig, Framstig —! No kjem han ingen Veg,
annat enn til Banken. Eig han litegrand, so kastar
han det burt til Fjas ... og hev han ein Son, som
duger litegrand . . . ja, so skal ikkje Sonen verta
Bonde, Gudbevars! nei, det er for simpelt; nei, han
skal paa Seminariet — iallfall ... og hev han voret
der, so er han strakst for fin til aa taka si Haand i
nokon Ting . . . skal gaa paa Stasen! skal vera med i
’Fiffen’ . . . liva paa dei arme Skillingarne, som andre
slit ihop, og so gaa og skrika paa større Løn, større
Løn! — for det er fint i dette Landet! — men aa liva av
det, ein sjølv avlar fram, det er simpelt . . . Ja. So
gjeng all Dugleik burt fraa Bondestanden, og so gjeng
Skrapet etter og trælar for Bankarne . . . det vert
eit Proletariat, liksom i England ... og det er den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0290.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free