- Project Runeberg -  Bondestudentar /
288

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_288_

Huslæraren, daa han var i Kristiania, hadde ført slikt
eit villt Liv?— Daniel kvakk; dei andre maatte læ.
Ja, heldt Hr. Viborg fram, der gjekk eit slikt Ord
i Kristiania. Hr. Huslæraren var nok meir kjend,
enn han sjølv trudde, og det var ikkje just for det
gode. »Ikkje sannt, mine Herrar?« — »Jau«, sagde
Knutzon; »jau«, sagde Becker. Daniel forstod no,
at dei vilde gjera Narr av lian, og det totte han var
brennande leidt; men so vart han arg. »Kva er det
for Snakk?« sagde han. »Snakk? Vil Hr.
Huslæraren kalla det for Snakk, som er stadfest av tvo
gode Vitne?* — »Hr. Huslæraren gjorde best i aa
svara paa Spursmaali,« meinte Hr. Becker. Og dei
fine Herrar ne sat og glodde paa Guten med uppdregne
Bryn og Lorgnettar for Augo og totte dette var mykje
til Moro; men Daniel visste ikkje, kva han skulde
segja. Han kjende seg Undermenn; han kunde ikkje
klara seg mot denne flirande frons urbana. So vart
han bergad av Stensrud, som gav seg til aa fortelja
um Student Rødberg; kjende mine Herrar ein Student
Rødberg? Det var han, som var Huslærar her paa
Garden ifjor. Det var ein Gut, det, som kunde liva
villt! Og so hadde han det med det, at han ikkje
kunde segja sannt. ’Han laug allstødt, baade naar
han hadde Naud paa det og ikkje; men so var det
Ulukka, at han kunde ikkje ljuga i Samanheng; den
eine Lygni motsagde den andre, og so gjekk det galet.
Stensrud fortalde ymse Ting um dette. Tilslutt hadde
Rødberg drivet det so vidt, at han ikkje saag seg
onnor Raad enn aa slaa seg paa det gudelege. . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0297.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free