- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
270

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sar fær, når ein skal leida dei eit stykke. — katekctiskc metoden

— spyrjande måten, med ferdige spursmål og svar. —
Side 202. kandidat Meier — sjå s. 179, (sfr. s. 84). —
practicum — praktisk teologisk eksamen, som ein må ha
til å verta prest. — Side 204. Kristian Bliland — sjå
s. 34. — Side 205. pelagianisme — læra etter den
britiske munken Pelagius (i 5. hnd.) som nektar arvesyndi og
barnedåpen, og hevdar at menneskenaturi ikkje er vond frå
upphavet ; det som det gjeld um er å reisa den sedelege
viljen hjå mennesket til å leva eit moralsk liv. — ein
merkeleg mann — siktar truleg til religionslæraren åt Garborg på
seminaret, H. A. Arnesen (1836—1914); han hadde stor
innverknad på Garborg; var lærar ved Stavanger latinskule
1861—63. — Side 206. Jensens lesebok — «for
Folkeskolen og Folkehjemmet. Udgiven efter offentlig
Foranstalt-ning», 1863. P. A. Jensen (1812—67) var stiftsprost og
høgt vyrd. Likevel møtte leseboki hans mykje motstand
rundt i landet, av di det var verdslege dikt og forteljingar,
sogeskildringar og naturvitskaplege utgreidingar i boki.
Kyr-kjestyret hadde innført boki; likevel gjekk folk mange
stader ut or statskyrkja for den skuld («de Jarlsbergske
fri-menigheder» er enno leivningar etter det) eller vedtok å
klistra yver heile stykke eller mindre bolkar eller einskilde
ord (t. d. «at dandse»). Sfr. s. 223. — Side 207. Peder
Monsen — sfr. s. 114, 149 og 181. — Bent Bu — sjå
s. 61. — heldt strid med seg sjølv — hev ymse gjort. Mest
kjend er Bjørnson etter det dr. Lindseth hev upplyst (hjå
Collin: B. B. I, s. 179, 1. utg.). Bjørnson hadde skrive
ein kvass teaterkritikk i «Krydseren» 1854, som mange
mislika. Bj. vilde gjerne få greidt spursmålet meir ut, og
so skreiv han mot seg sjølv i «Christiania-Posten» og svara
att i <Krydseren». Då det kom upp, miste han ein
refe-rentpost han hadde i «Chr.-Posten». Garborg hev gjort

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0274.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free