- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 2:en Aargang. 1878 /
29

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen

Pris fyr Fjordnngaaret:

Kr. 1,10 (= 33 ß) med

Porto og alt. Betaling
fyreaat.

auf

Eit Blad aat det norske Hvilket.

W

Laurdag den 23de Februar.

,,— Men eg tenkjer dei tarv ikkje syta,
me skal koma, um ikkje so braadt1«

«·« ·——«Lk·2j«ing c;r""kb·s?c·ck—1"()" Oke
(3 ß) Petitlina, og daa

1878.

etter Maateti fyr større

Norske Namn.

Ein av dei Maatarne, som Danskeveldet i si
Tid brukte fyr aa faa Provinsmerket innbrennt paa
detta stakkars Landet og Folket, var aa rengja og
og forvenda dei norske Namn, slik at dei plent
vart sjaaande ut som danske. Olav vart til Ole,
Einar tilEner, Eyvind til Even, Thorleif til Tollef,
Sigurd til Syvert o. s. s.; Akerhus vart til
Aggershuus, Eikersund til Egersund, Vikoyr til
Vigoer, Leikanger til Leganger, Breidheim til Bredem
o. m. m. At gode gamle Namn vart reint kasta
og umbytte med nye, og det daa jamt med dei
mest meiningslause elder verdlause som var aa sinna,
det veit me au. Me «skal her berre minna um
gamle Oslo, som av Hs. Maj. sjorde Kristians
serskilte Naade fekk Lov aa heita ,,Christiania«
(,,Kristians-byen««, Byen hans Kristian), eit Na111n,
som er komet so reint til. Ærg, at dei no held det
syr endefram ,,Maalstrcev,« naar nokon vaagar seg
til aa minnast, at Byen hev haMeit annat og
eldre Namn. Dei andre Byarne fraa Dansketidi
er det ikkje stort likare med. Det er Christians-
Sand og Christians Sund, og Fredriks Stad og
Fredriks Værn, Fredrik og Christian kor du snur
deg. Du ser baade Trælehugen og Armodsdonien
i detta; Folk hev dyrkat desse vesle Kongarne sine
mest som Gudar, og ikkje visst nokot Likare til enn
dei i denne Verdi. Skulde so ein By hava eit
Namn, so sætte det ikkje, utan Namnet fekk byrja
med Kristian elder Fredrik. Det var ei rein Æra
fyr gamle Halden aa saa heita Fredriks Hald,
og det gamle ærverdige Oslo tottest vera reint
hævt, daa det i 1624 fekk heita Kristiansbyen.

Men med slike Namn, elder Unamn, er fulla
Jnkje aa gjera. Det er dei ,,historiske Høve««,
maatru, som hev gjevetdeiLiv, og so denne merke-
lege danske og dansknorske Smaken. Stytta aat
Kristian 1V vilde no helderikkje høva godt iein By,
som heitte Oslo. Kristian Kvartus maa standa i
,,’Kristian-ia««.

—— Nok er det: Dansketidi fekk tilslut stellt
ihop eit Norigskart, som var so forvendt og av-
skaplegt, at Jngen skulde tru, at detta var gamle
,,Noregsvelde««. Og dermed stod det til lengje
etter 1814. Vcel tok »Dansk-Norskdomen" til aa
røra paa seg, og me fekk eit dansk-norsk Norigskart,
d. v. s. eit Blandingskart, sullt av Halvskap og
Fusk som all Dansk-Norskdotnen; men i Embcetts-
verket livde gamle Dansketidi mest like tryggt, so
me enno i det Aar 1878 ser slike Formloysur som
,,Vigøer« og ,,Leganger« i dei embcettslege Post-
listur.

Ein skulde ikkje tru, at eit ,,fritt Land« vilde
sitja so lengje med alle desse Provinsslekkarne paa
seg, helst daa slikt som Stadsnamn maatte vera
helder snare aa retta. Men dei Dansk-Norske,
som avloyste dei Danske i Herredomen yver Norig,
hev aldri havt Hastoerk i slike Ting. No lyt det
daa likevcel vera ei Von um, at Nordmennerne
snart fær Lov til aa skriva sine Namn paa
norsk. Med Folkenamni er det alt paa god Veg;
ingen vitug Mann doyper no lenger Guten sin fyr
,,Ole" elder fyr ,,Syoert«; han doyper ,,Olav« og
,,Sigurd«. Og med Gardenamni kann det ganga

endaa meir lettvinnt. Den nye Matrikellista er
snart ventande; i den skal alle Gardenamn takast
upp i deira ,,officielle« Form. Og no hoyrer me,
at det i Aar er sendt Thinget eit Framlag um, at
alle desse Gardenamn skal setjast upp i norskt
Maalfore. For det er —- her som hellest —
Thinget, som lyt taka i, skal nokon Ting verta
gjort; Regjeringi hev annat aa syta fyre, ho,
som me alle veit· Og Thinget vil vist sinna, at
det no, 64 Aar etter 1814, kann vera paa Tidi
aa saa sram ei Rettebot her-. At me i Norig skal
halda paa med aa skriva vaare Gardenamn paa
Dansk, naar me hellest ingen Ting hev med Dan-
mark aa gjera, det er plent imot all Folkeskikk og
eit sannt Merke paa ,,Trældomshug"«.

Med eit so folkelegt Thing, som me no hev,
tarv me visst ikkje tvila paa, at Saki gjeng sram.
No er det just rette Tidi. Foer Regjeringi prenta
av den gamle Namnelista utan Rettingar, so kjem
detta .Provinsmerket til aa sitja paa Landet vaart
stik oeveceg—·Tid. Og det kann i Grunnen Jngen
oilja." Det lyt vera Maate paa all Ting.

Einhvekr.

No. 70,000.

Fortecjing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck·
v.
(Framhald).

Den Einaste, som skulde kunna greida detta,
maatte vera Ziba· Men Ziba var enno ikkje heim-
attkomen fraa Rideturen sin. Jngen Mistanke
vart lagd paa honom; sor hin Koelden hadde han
voret so utisraa kvat og lystig, og hadde gjenget fraa
»Tyrkelaget«« saman med Kapteinen, idet beste
Godlag. Politiet vilde alt snu heimatt. Men
so var det ein, av dei, som slog paa, at det var
daa rart likevcel, at Ziba var avriden so midt
paa Notti og ikkje hadde vekkt nokon af Folket
syrst; det kunne daa vera godt, um Ein saag etter
litegrand paa Romet hans.

Dei læste Dørerne vart no paa Rettens Vegne
sprengde, og inne paa Stova sann dei alt i den
største Røra» Alle Skaapi stod opne, Klæde laag
hivde rundt paa Stolarne; Pengeskuffa var tømd,
og — tilslut sann dei, innunder Sengi, ein Pank
med Klæde som var heilt igjenom tilsmurde med
Blod. Daa kunde Jngen tvila lenger: Ziba var
Mordaren. Snart etterpaa kom ein av Drengjerne
og synte fram eiHandgks, som han saafengt hadde
leitt etter hin Mord-Kvelden, men som han no
hadde sunnet i ein Skut nedmed Stallen, sull av
Blodflekkar. ·

Det skikkad daa strakst Brev etter Rømingen;
men syrr desse kunde koma inn i Bladi og verta
aalmennt kjende, gjekk det so mange Dagar, at
Ziba til dess kunde vera burtyver alle Berg.

Nokot Greida kom det ’i den uklaare Saki,
daa Ekkja etter Kapteinen fekk sjaa Lotterilista og
saag, at hennar Nummer var utkomet med Vinst·
For daa ho skulde sjaa etter Setelen i Teikneboki
aat Mannen, var han ikkje aa sinna. Daa detta
kom ut, drog Sume seg til Minnes, det Ziba hadde
sagt hin Kvelden i ,,Tyrkelaget,« og dei minntest,

Vokstavar.
at han hadde lagt Merke til Nummeret. No tot-
test Grunnen til Mordet aa vera greid. Retten

sende strakst Brev til Lotterihuset i Wien og bad
um, at dei skulde setja fast den, som kom og gjorde
Krav paa Vinsten, som var utkomen paa No. 70,000.
Men det kom strakst eit Svarbrev, som sagde, at
det no var for seint; Vinsten var alt utbitalt.

Men dermed hadde det gjenget soleids til.
Det var eg sjølv, som hadde hentat Pengarne. For
den Gongen var eg just med Fylgjet mitt i Wien,
og ein Dag motte eg daa Ziba, som saag ut til
aa vera overlag glad med aa sjaa meg att. Han
drog meg strakst med seg inn paa eitVertshus, og
var reint gluv til aa lata til. Me sat ·i ei Vak-
stova mo aaleine.

»Kritschal« (er det er mitt Namn), tok han
med ein Gong i, ,,eg kann ikkje segja so glad eg
er med aa raaka deg her. Og du kann au vera
glad; for no kann du, um du vil, tena deg eit Par
cHusund Gylden mest fyr Ingenting«

No fekk eg Øyro aa hoyra med. -— . « s-

,,Ja — ja,« sa Ziba, »du undrast du; men
det eg hev sagt er mi fulle Aalvora, — so sannt
du hellest kann lova meg aa ikkje segja eit Ord
um det til nokot livande Liv.«

Eg lovad det. Eg hadde endaa frie Hender
til aa taka imot elder bjoda av Tilbodet.

,,Ser du-« sagde han daa, ,,eg hev spilat i
Lotteriet og voret so heppen, at mitt Nummer er
komet ut med 100,000 Gylden. Desse Pengarne
skal eg no stad og taka imot. Men fekk Folk vita,
at eg hadde vunnet so mange Pengar, so lagde
dei seg aat meg alle ihop med Tigging og Skuld-
Krav, og eg hev just Bruk fyr Pengarne mine til
aa faa Fot under eiget Bord; for du skal vita eg
er snart leid av aa vera Tenar hjaa Andre. Daa
sveiv det meg, strakst eg saag deg, at du kunde
greida denne Saki fyr meg. For deg trur eg so
væl, at eg tryggt torer yverlata deg Setelen, som
eg ikkje vilde gjera med kvar Manii. Og gjer
du meg no denne Beina, og skaffar du meg Pen-
garne, elder det som vert etter, naar alle Avtrekk
er gjorde, til Bustaden min, ,,De11 romerske Keisa-
ren«, i Kveld Klokka 8, so frer du blanke tvo tusund
Gylden fyr din Part. Vil du no, so slaa til!
Eg meiner du hev aldri i dine Dagar tent so lette
Pengan«

Eg totte, at denne Saki saag greid Ut, og
slog til strakst· Ziba vart so segen, at han reiv i
endaa fleire Vinflaskur.

Med Hjelp av ein jpdisk Meklar, som eg kjende,
men som eg maatte betala godt fyr det, var
Saki snart greidd, og til sastsett Tid fekk Ziba sine
Pengar; det var væk enno nokot yver 80,000.
Mine 2000 fekk eg strakst; men eg maatte lova
baade dyrt og heilagt, at eg skulde tigja stilt med
alt detta og ikkje eingong sortelja, at eg hadde raa-
kat honom her i Wien.

Dermed skildest me, og eg snudde heim, glad
fyr alle mine Pengar. Men daa so det Ordet
kom, at Ziba var Mordar, og at Grunnen til Mor-
det var den Lotteriluten, —- daa var det Slutmed
Gleda. Eg tenkte syrst paa aa melda Ziba syr Retten.
Men no visste i Grunnen ikkje eg meir um Ziba
enn Retten alt hadde funnet ut, og so kunne dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1878/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free