- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
129

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

øydeleggje andre.

Fedraheimen.

PE

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Eit Blad aat det norske Folket

Lysingar kostar 10 Øre Petitlinz,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

Kristiania den 20de August 1881.

5. Aarg,

Husmannsstellet paa Austlandet.
(Av Ivar Kleiven).

(Framhald.)

Denne vanvyrdingi av ”den simple
arbeidaren” fær husmannen i Norig
gjera kjennskap med frå di han er ein
liten gut. Han er ikkje stor kar, fyrr
"an veit, at han er ”berre fant.” Så-

xt husmannsborni er so gode, lyt
av: burt, og jamnast kjem dei då for
det fyrste burti gardarne som gjæta-
rr. Det kann då i seg sjølv vera bra
nok. Men frå fyrste Tidi maa dei no
li ved den råskapen, som standsskil-
1. mn hev skapt, og tidt vert groen
til sedløysa lagd i den unge guten og
gjenta med det same, og allerhelst på
storgardom. Sjølv um den unge guten
eld gjenta er komet frå ein god heim
-— for det finst gode heimar millom

husmennom au —, så er det mest eit

under, um dei går uskadde frå det livet
dei kjem frami millom tenestfolki og
arbeidararne på garden. Det er. vel
v**st, trur eg, med gutom. Livet og
ösidi millom desse arbeidsfolki er mest
for ende reint sedelegt øydelagd. Og
bergar dei unge seg i gjætarårom, så
kjem dei for ålvor ut for sedløysa i
ord og gjerning, når dei er framslopne
for presten, og for ålvor skal burt og
tena. Få, ja reint få, gjeng utor dette
livet sedelegt reine. Den, som ikkje
tilgagns kjenner livet millom arbeids-
folk og tenarar på gardom, kann ikkje
tru, kor umogeleg rått det er; det
snakket, dei fører, er tidt slik, at det
må vera drepande for ei barnesjæl.

Slik umgang fær den unge guten
1 ”framslengsårom,” då han mest kunde
trengja moralsk studning; det er då

« ikkje å undras på, um han vert øyde-

’agd, so han sidan kann vera med å
Det heiter, at hus-
bond og matmor skal hava umsorg
for tenarom sine, og me minnest visst
det frå barnelærdomen vår. Ja, Her-
regud, dei fær nok både mat og drikke,
løn og klæde; skal ikkje det vera um-

sorg? Men umsorg for deires ånde-
lege liv? Det fær dei no syrgja for
sjølve. Uppmaning, ålvorstale, rettlei-

ding og kjærleiksfull umsut som for
sine eigne born — nei, det går for vidt,
det er ikkje vår pligt som husbonds-
folk. Nei, det er ulykka, at me ikkje
vil gjera meir enn det, som er vår
”pligt,” vår lovlege pligt, og tenestfol-
ket forstend godt det, dei. Det er
ikkje lengje fyrr deiskynar, at dei er
haldne for ”fant” og ikkje for ”folk,”
og so misser dei modet og taper hugen
til det, som godt og vakkert er. Eit

tjukt skval av råskap og sedløysa legg
seg um hugen og hjartat hjå dei unge
gutar og gjentor, og so er det ikkje
langt å bia, fyrr dei misser sjølvvyrd-
naden og dermed all sedeleg magt yver
seg sjølve. Um nokre år hev den
unge guten og gjenta. eit lausbarn.
Det er syrgjelegt kor mykje lausborn
det fødest um året her i Gudbrands-
dalen. I heimbygdi mi var talet på
dei uægte døypte born ein tredjepart
av alle døypte for eit par år sidan,
um eg ikkje misminnest reint. Og
sidan kann eg ikkje tru, det hev vorte
likare. Og det verste er, at du sjel-
dan skal høyra, at dei held det for
skam dessmeir å hava eit lausbarn.
Sume gjiftar seg seint um sidan, men
ein stor del inkje, og so fær bygdi um-
gjelde, elder gjenturne kjem heim att
til plage og armod for foreldrom.
Gjiftar slike unge folk seg, so vert
det svarte armodi med slit og slæp,
å liva frå bånd og til mund, dag ut
og dag inn og med fatigkassa til
ryggstød, når alderdom og sjukdom
kjem.

Det lyt vera tungt å gå med den
voni, at når du ikkje kann meir, så
kjem du på bygdi, og slike voner hev
mange av dei, som fer skikkelegt fram
og. Og voni kann ikkje vera onnor-
leids, når ein skal sitja med kjering
og 5, 6 born på ein plass, som føder
1 ku og vel så det, og nokre småkre-
tur, som ofte høyrer andre til. Attåt
gjelden, dei sit i, skal dei arbeida upp
3, 4 dalar i husleige til 6 elder 8
skill. dagen (12 i slåtten). Å arbeida
upp heimen er det ikkje å snakka um,
når dei skal vera på garden den beste
tid av sumaren, og dei ikkje hev råd
til å leige hjelp. Um dei ikkje stend
på garden stendigt, lyt dei freista å
tena seg einkvar krona andre stader
for å halda gjelden etter og få på litt
til klæde åt kjering og born. Og so
hev dei mange stader nok med å svara
husleiga for året, attåt det arbeidet
dei er nøydde til med å sparka ned i
jordi kvar vår, når ”verten” er ferdig
med våren, så husmannen kann sleppa
heim nokre dagar, og med å vinna i
hus likeeins baketter. Det er nok
mangein heim, som med umvøling og
upparbeiding kunde føda ein smånøgd
huslyd; men stordelen av husmennom
orkar ikkje, som sagt, og ein annan
ting er det, at det vantar deim hug
til di. Dei veit ikkje anten borni dei-
res elder framande skal njote godt av
det, dei steller og arbeider upp; jam-
nan verdt det berre for andre, og for
at verten kann få større avgjift av

SSS AA

heimen, når det kjem ein ny husmann
på staden. Me kann då ikkje undras
på, at husmennerne ikkje legg meir
arbeid enn dei er nøydde til, på hei-
marne sine; me vilde visst tykja det
var eit vonskjøytt arbeid, nokon kvar
av oss, å stræva slik på uvissa. Eg
for min del kjenner væl, at hugen
vilde bli for stutt, når eg skulde til å
leggje att år og arbeid på ein heim,
som kanskje Per elder Pål skulde
byggja og bu på etter meg, medan
borni mine skulde reike heimlause
umkring. At det er stor skil, både
på husmenn og vertar, er sannt; det
finst dei husmenn, som sit godt til på
gode vilvår, og vertar, som liiver hus-
mennom sine det dei kann; men i det
store er tilstanden slik, som eg her
hev nemnt. Det er berre undantak,
at husmennerne bergar seg godt og
arbeider heimarne upp utan å lata
tankarne um dei lause vilkori, dei sit
på, kjøve seg ned. Likeins er det
berre eit undantak, at ikkje vertarne
freistar å draga so stor nytte, som dei
kann, av husmennom sine; me er nok
slike alle: me vil hava det, som me
utan skam kann få fat på.

I det heile hev husmennerne på
storgardom det verst. Eg veit ikkje
kva det kjem seg av; men småbruka-
ren kann sletikkje koma frå å drive
husmennerne sine so hardt og stendigt
i arbeid elder gjeva deim slik kost,
som dei jamnan fær på storgardom.
Det kjem væl av di, er det von til, at
det ikkje er so mange ”grader? i skil-
nad millom husmann og småbrukar.
Klufti sprikjer ikkje so mykje her,
som millom husmann og storbonde.
Eg hev høyrt småbrukarar hev sagt:
skull” oss bjoda husmennom og arbei-
darom våre slik kost, som der og der,
og skull” oss tvinge di 2 elder 3 hus-
menn, oss har, til å stå etter husmanns-
takst, soleids som han og han gjerer,
så var oss blåe for å få gjort nokot.”
På mangein storgard lyt sume hus-
menn, helst dei, som sit kleinast til,
stå året rundt, som det heiter; sume-
stader kann dei hava fri Laurdag og
nokre dagar att imillom for å sparke
ned i jordi um våren og få slegjet
dei stakkars høy-stræerne, som jamnan
bli for gamle. So fær desse, som ”står?
soleis, mest alt det, som dei og hopen
deires skal leva av, hjå verten; avlingi
på plassen røkk ikkje til jul mangein
gong. Dagløni er 6 elder 8 skill., og
12 i slåtten; når so husleiga er greidd,
og so det, husmannen hev fåt åt seg
og sine av korn og mjøl, jordeple og
gamle klæde, er attåtlagt, so er hus-

TRITT

mannen komen i skuld, trass i alle dei

6- elder S-skillingarne han hev arbeidt

upp. For det monar så forsett lite,

8 skill. dagen må vita. Tenk etter å

arbeide upp berre ein dalar; du lyt
stå der i 15 dagar! So aukast skuldi

for husmannen år for år, verten han

”stryk” fulla sume postar; men so fær

han og husmannen dess meir i si magt;

no hev han bandet kring foten. Det

kann vera fortenest å få på andre

stader i bygdi, der han kunde få god

dagløn for arbeidet sitt; men han lyt

likevæl stå på garden, der han ”tek

det han liver av.” Det er reint som

ei ære for sume storbønder det, at dei

”føder hopen.” Slik armodsdom er

det, ein del storbønder tykjer best um.

Eg veit, at ein storbonde hev sagt, "at.
når husmannen er so god, at han har
meir enn ei ku, då er han ikkje værd

å hava.” Nei, fær han tvo kjyr, då

vert han for stiv og for sjølvstendig,

måtru; han er ikkje nøydd til å gå
på verten etter kvart korn og kvart
mjølpundet, han skal hava etter jul
då. Og det er sannt: det er ikkje så

reint likesælt for det åndelege og

høgre liv i menneskje, um det liver
som eit dyr i naud og armod elder i
god berging. Den som svelt og frys

i ureinskap og fillor, han hev tungt

for å koma høgre i tankelivet enn til
maten for dagen. Og altso fyrst då,

når dei liver mest som dyri, når dei

skal gå på verten etter alt, likefrå
korn og mjøl og gamle klæde til halm
åt dei svoltne krytyrkrokom sine, —

fyrst då er dei havande! Slike

vertar jamrar seg ofte verst av alle
for fattigutgjiftom; men kven er vel
skuld 1, at dei aukar? Tru ikkje den,

som set husmennerne sine på slike

vilkår og på slike heimar, at dei umo-

geleg kann berga seg? — Slike vertar

skulde bera 3dubbelte fattigutgjifter.

Det finst som sagt slike storbønder,
og det finst mange. Og dei er ikkje
forgode til å bli tekne med, alt um
dei kann hava ervt ei slik framferd
frå gamle dagar og frå gamle tilstand.
Etter slik medferd, som me hev

gjevet husmennerne våre i lang tid,

kann me ikkje undrast over, at dei

unge husmannsgutarne legg av å tenkje

på å setja seg til att som husmenn

her i landet. Og so er det fyrst for

handi å reisa til Amerika. Tidi hev

vorte so ”materialistisk” no, at endå

ein husmannsgut tenkjer på å bli sin

eigjen herre, anten det no kann verta

i Norge elder i Minnesota.

(Meir).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free