- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
159

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sde Oktbr. 1881.

Fedraheimen.

159

bermennerne, og voret so umtenkte aa
syrgja fyr seg sjølv, dei Finfine og
deira gode Vener?

Det vert nok sagt, at alle Nord-
menn er like fyr Logi. Men me
indbyd kvensomhelst til aa jamnføra
denne Setningen med dei Logpara-
grafarne, me hev sett inn her, og
med vaar Rettspraksis til dessa. Der,
som Ein ved Idøming av Straff ser
etter ”Næringsveg og annan Stil-
ling”, meiner me Ein enno hev eit godt
Stykkje att til, at alle kann segjast
aa verta likt medfarne. Og det er
«vist, at Ein ovleg sjeldan ser

- Sveltestraff brukt paa Logbrjotarar,
som er Embættsmenn elder Grosserarar
elder Søner av slike, og som hev voret
vane ved aa liva so godt, at dei betre
enn Årbeidararne kunde tola aa svelta
utan Skade fyr Helsa. Var det no-
kon greinleg Meining i Logi, maatte
det vera den, at dei Menn, som etter
sin ”Næringsveg? og ”Stilling” tolde
Svolt, dei skulde svelta. Men Logi vert
brukt paa den rakt motsette Maaten
her i Landet. Ho set Straff fyr aå
svelta Dyr, og me skulde daa tru, at
Ein likso lite burde svelta Folk som
Dyr, jamvæl um Mannen kannhenda
fyr aa berga Livet, hev gjort seg
skyldug i nokot galet, t. D. Tigging
elder Skogstuld, som fører Straff av
nokre Dagar Fengsel med seg. Det
er inkje ynkverdigare Syn enn aa sjaa
ein forfrosen og utsvelt Tiggar elder
Inderst, som hev teket ein Trepinde
i Skogen til Ved fyr aa verma seg
med, koma ut or Sveltefengsel paa 25
Dagar elder so paa Lag. Og den moral-
ske Betring, Fengselsstraffi gjer paa den,
som Samfundet fer slik fram imot,
ligg visst paa den andre Sida av
Nulpunkten. Det fyrste ein slik maa
gjera, er aatigga elder stela paa nytt
berre fyr aa halda den allra verste
Svolten burte, og det beste, han kann
taka til, er aa triva so djupt i Ånnan-
manns Mat- elder Pengedyngjur, at
han fær ein Plass paa Tukthuset; for
daa fyrst vert han medfaren som Foik.
Høgsteretten hev stor Skuld paa seg fyr,
at Logi vert missbrukt slik. Mange Un-
derdomarar, som hev Vit nog til aa
skyna, at Sveltestratfi er barbarisk, ukri-
steleg og urimeleg, hev fraa fyrsto dømt
til berre nokre faae Dagar Fengsel paa
Vatn og Braud, men Høgsteretten hev
so ofta gjort Straffetidi dubbelt so lang
som dei totte var rimelegt, at den
Domaren, som vil hå Ord fyr aa mæla
Straffi ut paa rette Maaten, er nøydd
til aa velja den lengste Straffetid, som
det kann vera Spursmaal um. Det er
difyr amnorleids no enn det var for
20—30 Aar sidan. Men paa alt dette
maa det snart vera slutt. Ei av dei
fyrste Raadgjerderne, Odels- og Lag-
thingi maa taka i Kristendomens og
Humanitetens Namn, er difyr aa ved-
tåka dette Logbodet:

”Med Straff av Fengsel paa Vatn
og Braud er det heretter slutt. Der
denne Stratfi er sett i det norske Log-
verket, tred Fengsel paa vanleg Fange-
kost i Staden.” Punktum.

Ein Sveinkall.
(Skisse.)

Eg fekk Ja av alle dei eg fridde
til, og endaa vart eg Sveinkall. Det
er rart nok. Det er mest utrulegt.
Men i Grunnen gjekk det noksaa na-
turlegt til.

Naar eg skal segja Sanningi, so er
eg — utan at eg vil rosa meg sjølv paa
nokon Maate — ein slik Kar, at alle
Kvinnfolk burde lika meg. Og det
gjorde dei daa og, vil eg tru. Beint
fram fager er eg ikkje, so utanpaa
daa, naar Ein skal gaa etter det, som
Folk til Kvardags kallar fagert. Eg
er ein lang, smekker Kar, mager som
ei Grind, med eit smalt kvasst Andlit,
bleikt aa sjaa til, med smaae Fregnur;
Haaret er raudt som Glod, og Nasen
er litt større enn plent naudsynlegt;
men kva kjem det Saki ved? Det er
det innvortes, som det gjeld um, og
daa meiner eg som sagt, at eg kann
vaaga meg. Dessuten skriv eg slik ei
makalaus fin Haandskrift. Og like
væl — ! Naa ja, no skal eg fortelja deg
Soga slik som ho er til. Ho er ikkje
lang. Det gjeng fort med det, som
gjeng galet i denne Verdi, og med
meg gjekk det galet. Paa ein Maate
daa! — paa ein annan Maate var det
det beste som kunde henda.

Petrine heitte Gjenta, det vil segja
den fyrste av dei, og ho var eit Kvinn-
folk, som var væl verdt aa hava; so
trudde eg iminsto den Gongen. Ho
var lubbi og rund som ein liten Unge,
med raude Kinnar og blanke blaae
Augo, og naar ho lo, lyste dei kvite
Tennerne meg langt inn i Hjartegrun-
nen. Fe likad Petrime. Ho var glad
og kvat, ho song som ei Lerke, og so
rart som ho kunde sjaa paa Ein! Det
var som Hjartat vende seg 1 Bringa
paa meg, naar ho glytte etter meg so
halvt paa Skakke. Eg likad Petrine,
som sagt. Og eg sette meg fyre, at
eg vilde gjera so væl aa gifta meg
med henne. Det spurdest berre, um
denne galne Gjentungen hadde Vit nok
til aa skyna, kva Kar eg var. Utan-
paa var der ikkje stort aa sjaa, som
sagt; det var det indre, som var det
beste, og slike unge Kvinnfolk hev
sjeldan Vit til aa sjaa etter det indre.
Men det fekk daa røynast. Hadde ho
ikkje so mykje Vit, so var det i
Grunnen verst for henne. Litt rædd
var eg, det skal eg ikkje dylja. Det
gjekk ein annan Fyr der og dreiv,
ein Tull og eit duglaust Ting, tri
Gonger so tjukk som eg, med eit Skjegg
som ein Heidning; ho hadde stundom
glytt so rart burtpaa den Karen; eg
likad ikkje dette. Ho vart mindre og
mindre gjæv i mine Augo, kvar Gong
ho gjorde det. Men so med ein Gong
vart denne tjukke burte; han hadde
trulovat seg einkvar Staden, trur eg,
og so tok ho til aa glytta etter meg.
Daa forstod eg, at ho likevæl var den
rette. Eg sette meg til ein Sundags
Kveld og skreiv eit Brev til henne, og
det kann du tiu eg gjorde fint. Kvar
Bokstav hadde sin serskilde Krull og
Sving, so dei saag ut som lange, sym-
jande Rumpetroll, og Namnet mutt
maalad eg upp so vent, at ho maatte
verta glad i meg berre av aa sjaa paa

Namnet. Jau, det gjekk som eg tenkte.
Svaret kom, og alt var væl. Ho skreiv
ikkje fagert, men ho skreiv vitugt, og
kven kann venta meir av eit Kvinnfolk.
Ho skreiv, at ho trudde det var so
lagat, at ho skulde hava meg, men at
det fekk vera millom oss so lengje;
det var ikkje verdt, at Folk fekk Nosi
uppi det strakst; Folk var so rare.
Naa, det same meinte eg. Me kom
godt til Lags, og eg totte eg hadde
gjort ein god Gjerning.

Men so kjem det drivande ein
Fyr... Han var minst fire Gonger
so diger som eg, høg og lang, med eit
Haar som ein Skog, og tvo forskræmeleg
harde Augo. Eg torde knapt sjaa paa
han, og eg likad han ikkje. Ikkje
trur eg, han likad meg helder. For
han hadde væl knapt so mykje Vit.
Men fraa den Dagen han var komen,
tok eg til og undrast paa Petrine att.
Ho gjekk og glytte etter denne Fyren,
totte eg. Ho var gjerne aa finna der,
som han var, og mot meg vart ho so
underleg . . . det var plent som ho
ikkje skulde vera so glad lenger yver
aa faa slik Mann. Tilslutt skapte ho
seg reint paa Tverke. Eg visste det
var for aa setja meg paa Prøve; men
eg vart leid av det. Hev du ikkje
meir Vit, tenkte eg, so . . . Dessutan
likad eg ikkje denne tjukke. Han
hadde ein serskild Maate aa vera mot
meg paa; det var som eg reint kom
burt, naar han var inne. Dette skal
ho faa trega, tenkte eg. Og so skreiv
eg eit nytt Brev, endåa finare enn det
fyrste, med endaa større Kruliar og
Svingar, og med ei endaa gildare Un-
derskrift, og der sagde eg beimt og
greit, men paa sømeleg Maate, at eg
heldt henne for ei Skarvetaus, og at
eg gav henne ein god Dag, og so burt-
etter, og no tenkte eg daa vist, at ho
skulde ha vorte mjuk. Men hev du
høyrt paa Maken — næste Sundagen
fekk eg vita, at ho hadde trulovat seg
med den tjukke. Ho hadde væl gjort
det paa trass, kann eg vita; ho tenkte
væl, at no skulde eg verta mjuk; men
jau-jau! Daa kjende ho ikkje sin
Mann. Sidan gifte ho seg med Fyren,
— berre paa Trass; men ho fekk det
nok ikkje nokot godt der, hev eg høyrt,
for etterpaa kjem Tunn-Drikka; men
daa er det for seint. Det skulde du
visst fyr, du, Petrine! —

Ja, so var det ikkje meir um henne.
Men no tenkte eg som so, at kunde
ho vera vrang, so kunde eg og, gjekk
so stad og trulovad meg med Gunvor
Bakken. Gunyor sagde Ja med ein
Gong, veit du; kva annat skulde ho
gjera. Eg undrast berre paa, at ho
kunde tru, det var Aalvoret mitt. For
det var det ikkje, den Gongen daa.
Eg visste væl, at eg var for god til
henne. Men kva forstod ho seg paa
det. Ho hadde knapt ein Draum um,
kva eg var for ein Mann; ho saag
meg ikkje lenger enn til Tennerne, og
der var ingenting aa sjaa. Stakkars
Gjenta. Eg hadde tilslut reint vondt
av henne. Og daa eg fekk høyra, at
Petrine skulde hava Brudlaup med den
tjukke, so sagde eg til meg sjølv: enn
um du no berre paa Trass gjorde so
væl mot dette Kvinnfolket, at du gifte
deg med henne? Det vilde vera godt

for tvo Ting: det vilde vera ei Væl-
gjerning mot Gunvor, og eg fekk med
det same visa Petrine, kor lite eg i
i Røyndi brydde meg um henne! Ja,
slik tenkte eg; for eg hev eit merkje-
leg godt Hjarta. Og det er Skam
ikkje godt aa vita, kva eg hadde gjort.
Men so hendte der nokot, som viste
meg, at eg nok hadde teket reint imist
av Gunnvor Bakken. Ho fekk ein Dag
sjaa eit Brev, som var skrivet av ei
fille Kraambudrotta inni Byen; Brevet
var ikkje verst skrivet, eg skal segja
so mykje. Men vil du tru meg paa
det: Gunvor fann, at den Skrifti var
venare enn mi! — Det gjekk for vidt.
Eg kunde boret yver med mykje, men
ikkje med dette. Eg forstod no, at
ho ikkje aatte Vit. Kor skulde ein
Mann som eg kunna forsvara aa vandra
Livsens Veg saman med eit Grasnaut?
Eg gjekk i meg sjølv og sagde: du
skal ikkje gjera dette. Og so skreiv
eg eit Brev til henne — det finaste
eg hev skrivet i mine Levedagar —
og sagde, at daa det saag ut til, at
me ikkje forstod kvarandre, og ikkje
var skapte for kvarandre, so fekk det
vera det same. Og so teiknad eg ”J.
Pedersen” under med Fraktur og dobble
Striker slik at — aa! du fær aldri i
dine Dagar sjaa Maken til fin Skrift.

Sannt aa segja so gjekk eg med
vondt Samvit heile Vika etter dette.
Eg kjende paa meg, at eg hadde gjort
ein faarleg Gjerning. Kor skulde det
arme Mennesket kunde bera ei slik
Ulukka? Kanskje gjekk ho no og
vart fraa seg. Kanskje sprang ho paa
Elvi. Det er ingen som veit, kva
Kjærleikssut kann driva eit Menneske
til, og verst er det no for desse stak-
kars Kvinnfolki. Eg ræddast kvar
Dag for aa faa høyra vondt nytt fraa
Bakken. Um Sundagen hadde eg so
nær ikkje tordt gaa til Kyrkja. Men
so tenkte eg som so, at der fær du
daa iallfall vita .. . No ja, eg gjekk.
Og anten du no vil tru meg elder
ikkje —: der sat ho Gunnvor Bakken
livs livande. Kan du forstaa slikt?
Ho saag ut plent som hellest. Ho var
ikkje bleik ein Gong. Eg forstend
ikkje, korleids ho hadde kunnat klara
det. Slik ei øgjeleg Ulukka! -— Og
det verste av alt: daa ho saag meg,
so tenkte eg daa minst ho skulde
fengje Uvit; men nei, ho berre drog
paa Gjeipen litt, og so snudde ho seg
burt! So sterkt Kvinnfolk kann eg
væl aldri tru hev voret til korkje fyrr
elder sidan.

So var det ikkje meir um henne
helder daa. Men no tenkte eg med
meg sjølv, at det kunde vera nok av
dette. Eg hadde gjort nok for min
Part. Og naar Kvinnfolki hadde so
lite Vit, at dei ikkje heldt paa meg
naar dei hadde meg, so kunde væl
ingen krevja, at eg skulde laupa etter
dei. Der var ikkje meir aa gjera med
Folk, som so lite forstod sin eigen Bate.
Eg for min Part var angerlaus. Det
kom nok den Tidi, at dei fekk trega
meg; men daa fekk dei hava det so
godt. Dei skulde ikkje kunna skulda
paa meg; og eg for min Part var væl
so godt faren, um eg ikkje gifte meg.
Kong Salomon hev sagt nokot um det,
som ikkje er ille; eg hugsar det ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free