- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
183

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

|
|

Då:

19de Novbr. 1881.

Fedraheimen.

185

Fædrelandet.*
(Slutten).

Og Moraliseringsmaaten duger ikkje
helder, som me alt hev sagt.

Fædrelandet vil, at naar Diktaren
skildrar Syndi, skal han gjera det
tendensiøst, d. v. s. soleids, at
Læsaren all Tidi ser, at Syndi er
Diktaren imot. Det galne hjaa Na-
turalistarne er, at dei er ”upartiske”,
at dei ikkje dømer korkje Syndi elder
det gode, men berre skildrar det ende-
fram, og so læt Læsaren sjølv døma.
Diktaren skal paa gamaldags Vis vera
Domar yver det vonde og gode i
Verdi.

— Ja, Ein skulde tru, at dette
maatte vera rett. Skulde ikkje Ung-
domen hava godt av moralske For-
maningar, og skulde han ikkje hava
godt av aå sjaa, at Diktaren Zola
elder Diktaren Brummel og andre slike
namngjetne Karar ”hatar Syndi”? —
Det maatte vera ein underleg Ungdom.

So ser det ut.

Me, som er gamle og hev røynt
mykje og altso er moralske, slike som
Fædrelandet, Fedraheimen o fl, me
hev altid ei Trong til aa gjeva Ung-
domen Del i vaar store Visdom og 1
vaart Livs Røynslur. for at Ungdomen
kann læra av vaart Fyredøme og stella
seg vitugare enn me kanskje hev gjort.
Dette er naturlegt og fagert, og Ung-
domen burde visselig skyna paa det.
”Agta deg for Syndi!” segjer me kjær-
legt og aalvorlegt til den unge; ”ho
ser fager og gild ut for Augo; men i
Grunnen er ho berre Faafengd og Aands-
fortærelse, ja den verste Gift. Ho
gjev stutt Gleda, men lang Sut; ho
lovar deg Himmerike paa Jordi; men
du veit ikkje Ord av, fyrr du ligg i
Rennesteinen. Agta deg altso!” Og
me legg gjerne til, at dette hev me
sjølve baade set og røynt, so Ung-
domen maa ikkje tru, at me talar um
Ting, me ikkje kjenner.

— Hjelper no dette nokonting?
Vert Ungdomen so vis av vaare Preikur,

som han 1 Visso burde verta?

Det er nok so ymist med det.

Lat oss tenkja oss Ungdomen, som
han no for det meste er, og lat oss
tenkja oss, at han just er i den Al-
deren, at han skal ”ut i Verdi” og
”prøva Livet”.

Ja, han høyrer daa paa vaare Fore-
lesningar med fromme Minur og lovar
godt. Og han meiner det godt og,
paa sin Maate. Men naar han so er
komen oss væl or Syni, — so lær han
aat heile vaar Visdom.

”Dei gamle Klokingarne!” tenkjer
han med seg sjølv, ”altid skal dei no
moralisera. No, daa dei er gamle og
slitne og ikkje kann hava Moro len-

ger, no vert dei vise og moralske og

forstend, at Rognberi er sure, og so
vil dei, at ikkje me helder skal faa
hava Moro. Dei trur stødt, me unge
er so dumme, at so snart me slepp
frie, so flyg me sta og øydelegg oss,
liksom dei kanskje hev gjort. Aa nei,
det er ikkje so faarlegt. Me lyt nok
ut og sjaa litt paa Livet, me og; men
fordi um dei gamle hev faret galet,
er det ikkje sagt, at me og skal vera
galne.” Og so gjeng Ungdomen ut —

for aa ”sjaa paa Livet” Han ska
nok klara seg, maatru; det er ikkje
faarlegt. Ein maa daa kjenna den
Verdi, Ein liver i! Ja naar alt kjem
ihop, so bør Ein kjenna litt til Syndi
og, tenkjer Ungdomen. ”Det kunde
vera Moro aa vita, um det er slik
som dei gamle segjer —!” Og so gjeng
han — ende ut i den same Syndi og
Daarskapen, som me gamle hev varat
han imot. Det ”faarlege” dreg, her
som altid, og han trur aldri, at det
er so faarlegt. Syndi stend for han
som ei halvt lokkande Gaata, som han
freistar paa aa løysa so lengje til dess
ho fangar han. Han leikar med
Syndi liksom Guten leikar med Baar-
urne paa ei Hayvstrond: Leiken er
morosam, just fordi han er litt faarleg.
Det er med det liksom med Adam i
Paradis. Han hadde heile Hagen full
av Eple, og alle var dei gode og fagre,
og alle kunde han eta dei trygt; men so
var der dette eine Treet, som var
forbodet. som var faarlegt, som
inneheldt den verste Forgift, ja sjølve
Dauden; — det skulde han endeleg
smaka paa, naturlegvis berre for aa
”faa Kunnskap um vondt og godt”,
elder for aa ”studera Livet”. Kanskje
var det ikkje so faarlegt som Vaar-
herre hadde sagt! Iallfall laut Ein
prøva. — Det sit same Arti i all Ung-
dom. Slepp han laus med ei moralsk
Formaning um, at det og det maa han
ikkje smaka, for det gjev Dauden:
so smakar han just paa det, — og tek
Dauden.

— Slik Lagnad hev Moralistarne
havt, fraa Kong Salomon til Fædre-
landet, sine comparatione. Kva skal
Ein so gjera?

Naturalistarne hev reint sluttat
med aa moralisera i Bøkerne sine.
Dei segjer ikkje lenger: ”so og so galet
gjeng det med den, som syndar; agta
deg!” dei berre viser Syndi fram,
rolegt og kaldt, ”upartisk”, utan eit
Smil, utan eit Ord. ”Her er den Stasen”,
synest dei segja. ”Hev du Hug, so
vers’god!” Og so sit Ungdomen der,
flat og kald og tenkjer med seg: aa,
er det ikkje annat. —

Kann henda hjelper ikkje det helder.
Kann henda er det ingen Ting som
hjelper, utan god Uppfosting — elder
ill Røynd. Men kanskje hjelper den
naturalistiske Maaten betre enn all
Moralisering. Der er det leide med
Moraliseringsmaaten, at Ungdomen
altid tek Mistanke um, at Moralisten
vil hindra honom i aa njota Livet,
fordi han ikkje lenger fær njota det
sjølv, elder at han moraliserar, fordi
han er dum og trur, at det maa gaa
galet med alle, fordi det gjekk galet
med honom. Dei Mistankarne slepp
iallfall Naturalisten. Og s0 eg-
gjar han ikkje Fantasien so sterkt;
han skjer upp og legg fram heile
Greida med ein Gong, so Ungdomen
fær sjaa, kva det er for Slag dette,
som skal vera so faarlegt og so lok-
kande. Ungdomen kan kanskje gjenom
gode naturalistiske Bøker læra aa
”kjenna Livet” so grundigt, at dei fiun
det utrengt sidan aa ”studera” det
praktisk —? Det, som er faarlegt, lok-
kar ikkje stort, naar det er kjennt. —

Men lat oss enno ein Gong min-

nast, at Bøkerne her ikkje er det
fyrste elder største; gode Bøker kann
gjera godt og laake Bøker vondt, men
det er Livet og Naturen og Uppfost-
ringi, som avgjer ein Manns Lagnad.
Fædrelandet kunde brenna alle ”faar-
lege” Bøker paa Jordi, utan at her
vart stort mindre Synd for det.

— Men skulde Fædrelandet brenna
alle dei Bøker, som Moralistar og
Tartuff”ar hev funnet umoralske, elder
som ein maatte døma umoralske etter
den Læra, Fædrelandet sjølv hev sett
upp, — so fekk det gode Bladet nok
aa gjera for sin Part. Det kunde
byrja t. D. med Henrik Wergeland;
han hev skrivet svære Ting i ”Ska-
belsen, Mennesket og Messias.” Det
kunde halda fram med Johan Herman
Wessel (som Fædrl. sjølv citerar);
”Kjærlighed uden Strømper” og ymse
av hans Smaadigt (t. D. det um ”at
gavne og fornøie”) er ikkje for Katten.
So kunde Fædrl. gaa i Veg med Fa-
der Holberg; hans Henrik’ar og Per-
nillur er ikkje alt so rædde for, kva
dei segjer.. Og slik uppetter alt fort.
I Utheimsbokavlen kann me minnast
ein Mann som Goethe; hans Philine
i ”Wilhelm Meister” og mangt annat
vilde Fædrelandet aldri kunna tola.
Og Shakespeare, og Byron, og Moliére,
og Virgil, og Horats, Ovid, Sofokles,
Homer, — ja kor skulde Ein slutta?
Det er ikkje annat venta, enn at ei
Livsmagt so sterk som den kjønslege
Kjærleik kjem fram snart sagt i all
Dikting, og daa ikkje altid slik, at
det kann vera uppbyggjelegt aa lesa
for teologiske Kandidater; — skulde
Ein brenna alt, som ”handlar” um
den, so vart der mindre att av All-
heimsbokavlen enn Fædrelandet tenkjer.

Usedelege Bøker bør øydeleggjast;
Politiet maa syrgja for det. Men Dik-
taren, som skildrar Livet, maa ikkje
dømast mnsedeleg, fordi han skildrar
Livet som det er. Spursmaalet um
Ungdomen er vandt aa greida. Men
det er eit Uppfostringsspursmaal og
ikke eit Bokspursmaal. Me kann
ikkje hjelpa Fædrl. i Striden mot
Naturalismen.

Christofer Bruun um vaare
Teologar.%
(I Ordrag etter Referat i Mybl.)

Bruuns Foredrag um Teologarne
vaare inneheldt mykje, som me finn
godt og sannt. Han talad nokotsonær
slik um denne Saki:

Prestarne er ikkje verre enn me
andre, og so vidt eg veit, hev eg
ikkje hell tala um Syndi til Prestarne
men til Samfundet, og um Prestarne
berre daa, naar det vedkom dette.
Men det er klaart, at er det Synder,
som ein kann segja høyrer til Sam-
fundet, so er det fyrst og fremst
Prestarne, som kjem til aa bera And-
svaret; det fylgjer av det, at Prestarne
hev so stor og vigtig Gjerning, dei er
sette til aa vera Vegleidarar for heile
Kyrkja og Samfundet. Prestarne skal
fyrst og fremst hava Takk og Ære
for det gode, som er gjort, for all
Kraft og Stordom, som er att av den

upphavlege. Kristendommen, ja for kvart

Framsteg, som er gjort baade paa
kyrkjeleg og menneskjeleg Grunn; men
er det au misst noko av det upphav-
lege Kristenlivet, so hev dei fyrst og
fremst Andsvar aa bera. Og so er
det so, at det Stellet, som eg hev tala
um hev ymist med Prestarne aa gjera.
Denne Løningsgreida freistar meir
Presten aaleine enn heile Folket til-
saman. Og likeins gjer dette For-
holdet til Kongen Prestestandet Skade,
so dei maa verta honom væl mykje
undergjevne. Men eg segjer det upp-
att, at ved slike Synder maa det fraa-
løysast Prestarne det, at dei hjelpast
fram i det urette ved heile Stellet,
som Samfundet godkjenner. Det er
soleids ikkje Meiningi, at Prestarne er
so mykje verre enn andre; dei er Kjøt
og Bein av same Slaget som det er i
Samfundet, og skal det vera nokon
Forskjel, so trur eg, at Prestarne som
oftast er av dei gudlegaste og beste Sam-
fundslemer. Men for det kann me nok
tala um serskilde Lyte hjaa Prestarne og
Teologarne. Dette Standet kann hava
sine Veilur, men det gjeldst mindre det,
som det skil seg paa Mann og Mann
imillom og Stand imillom, naar det er
Tale um Synder til heile Samfundet.
Men det veit me, at ein kann tala um
serskilde Prestesynder. Skal me gjera
dette, so kann me nemna dei i tvo
Ord: det er Pietisteri og Ortodoksisme.
I den Tid, daa Lesardomen raadde,
som er ikkje so lenge sidan, daa var
Prestarne og Teologarne fælt urime-
lege mot all menneskjeleg Daning,
mot Vitenskap og Kun:t, Politik og
alt sovoret. Dei sjølve og dei som
var med dei, vart likesæle og vit-
lause i alle desse Ting, som bar burti
det menneskjelege, og det fylgde au
med dei paa Preikestolen. Preikurne
"deira var ikkje jamt tankesterke, og
so var det det, at dei kom inn i ein
Lovkristendom, so ein kunde sjaa det
paa dei, korleids dei gjekk med tunge
Byrder paa Sjæli, som meinkad so
mange godviljuge Menneskje i aa finna
fram til fast Fred med Gud. Eg skal
ikkje nemna fleire Lyte ved dei no.
Utgjenom Bygderne kann nok Lesar-
domen raa mykje endaa, men her i
Kristiania hev han spila av, det trengst
ikkje nokon Strid mot desse Avleiderne
her no. Det er berre som ei Soge no
den pietistiske Teologia, som det var
so mykje av her for 15 Aar sidan.
Men so er det so mykje meir Grunn
til aa tala um den andre teologiske
Avleidi, den ovbodne Ortodoksi. Det
er den, som noer i Blømingi. Eg vil
daa fyrst segja, at etter det eg skynar,
so er det gjort eit Framstig fraa den
gamle Tidi. Daa Vekkjingi til Johnson
slog ned i desse gamle godslege For-
hold, kveikte den ei Mengd av Krafter,
som endaa liver hjaa oss: Johnson
gjorde so gripalegt eit Tak i Folke-
livet vaart, at det skal leitast lenge
etter Maken hans. Vekkjingi hans
Johnson var eit Framstig; men eit
Framstig fraa denne att er den Or-
todoksien, som no raar. Den kom
som ein frisk Vind og reinskad Gaturne
for Lesarskodde, den skapad sunn
Luft, den skapad meir menneskjeleg
Daning hjaa dei kristne, den skapad

eit friare og djervare Kristenliv og eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free