- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
98

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

98

Fedraheimen.

24de Juni 1882.

han meir og meir, at han hadde det
heime.

Der var so trongt og smaatt der,
so uhyggjelegt, og so aandlaust. Alt
gjekk ut um den stakkars Maten.
Baade inne og ute var der styggt og
ufjelgt. Dei heldt ikkje skikkeleg reint
eingong, og Glaset kom mest aldri
upp, so Lufti var mang ein Gong som
ho kunde. Ikkje eingong seg sjølve
brydde dei seg um aa halda reine.
Vaskad dei seg kvar Sundag, var det
godt. Ein Tanke utanfor det raae
Matstræv fanst ikkje, naar ein fraatok
det gudelege. ”Menneskeliv” hadde
dei ingen Draum um. Og her gjekk
han so aaleine. Han hadde ingen aa
tala med um sine fagre Draumar. Den
einaste skulde vera Judith; men kva
forstod væl ho. Lias, det var ein aand-
laus Slamp,’ som gav meir for ei halv
Skjeppa Jordeple enn for all hans Aand
og Poesi. Her var i Grunnen ikkje
livande for Damiel.

Vilde han segja nokot um Slarve-
stellet deira, so gjorde dei Narr av
han elder vart vonde. Gamle Ole Jo-
hannes vart reint arg, naar Daniel

kom med sine ”fine Fimur?”. Han var
væl for god no til aa vera i Lag med
simple Folk. Han var væl alt Stor-
kar no. Gjekk ikkje den Skarveungen
her og var so vis og vigtig, at han
vilde vera større enn baade Far og
Mor! Det skulde ikkje stor Grisen til,
fyrr han slog Krull paa Rova., Og so
skulde han no vera so fin, maatru.
Kvar Dag i Skule med kvit Krage paa
Halsen og so uppkjemd og uppstroken,
som han ikkje skulde vera den han
var; og tok han si Haand i aldri so
lite Arbeid, so skulde han strakst ut
i Kjøken og vaska seg! Jau, det skulde
sjaa ut paa Bondebygdi, dersom me
vilde gje” oss til aa gaa slik og vassla!

Ole Johannes kunde ikkje altid
tigja med dette. Og Daniel, som totte
han hadde det laakt nok fyrr, um han
ikkje skulde faa Gryl og Gnaal attpaa,
var stundom so tankelaus, at han
svarad. Ein Gong braut det reint
laust. Daniel kom inn ein Kveld i
Skomingi og fann Stova full av ein
Os, som ikkje var god. Det hadde
rignt um Dagen, og Omnen hekk full
av vaate Klæde, som eimad av beste
Magt. Huh, sagde Daniel og pustad
og blees, og so gjekk han burt til
Glaset og vilde hava det upp, endaa
det ruskad og smaarignde litt ute.
Og han gav seg til aa banka og hamra
paa Vindauga som det galdt Livet;
for det var nok ikkje av dei, som gjekk
lett. Han visste ikkje annat enn han
var aaleine inne. Men burte i den
store Umhengs-Sengi laag Gamlingen
og saag og høyrde paa alt ihop, og
det tok strakst til aa koka i han.
”He, kaslag æ dæ, du gjere?” spurde
han endeleg med Sinne i Maalet. Da-
niel kvakk, men tok seg att og sagde,
at han berre vilde ha upp Glaset litt,
for her var so usunnt inne. Ole Jo-
hannes tagde litt; det kokad sterkt i
han, og han vilde gjerne finna eit Ord,
som kunde bita rigtigt godt. ”Jaso.
Det skal væl . . . vera fint det, kann
eg vita,” sagde han. No vart Daniel
og vond, og han svarad, litt utekkje-
legt, at anten det var fint elder ikkje,

so vilde han ha frisk Luft! Gamlingen
dirrad av Sinne, der han laag. ”Høh,
berre høyr! Frisk Luft! Berre høyr!"
Han kunde ikkje lenger finna Ord;
han berre laag og hermde. Endeleg
fann han ein brukeleg Tanke. ”Kanskje
du trur, at eg vil ha Ruskveret og
den kalde Vinden like her inn i Sengi
til meg, naar eg skal sova?” — ”Skal
du sova, hev du endaa mindre godt
av aa liggja i denne Osen,” svarad
Daniel vigtigt; han tok til aa banka
paa Glaset paa nytt, men ikkje so
sterkt. Likevæl gjekk det upp, og
dermed leet han det staa halvt paa
Glytt og tok tilbeins ut. Men Gam-
lingen laag og kokad burti Sengji.
Og so tok Vinden Glaset og slog det
heilt upp. Skjelvande krabbad Gamlen
seg upp, gjekk burt til Glaset, og slog
det att med ein rasande Smell, som
Daniel maatte høyra, so sannt han
var-1 Huset. —

Etter den Dagen gjekk Ole Jo-
hannes lenge og berre mur-tagde. Men
for Maren slog han paa, at Daniel
visst ikkje hadde godt av all denne
Lærdomen. Maren forstod Meiningi
og gjekk strakst til Daniel med det.
Daniel vart sur og gav vondt; men
daa bad Mor hans han hugsa paa,
kva denne Skulegonga kostad Far
hans. Det var ikkje aa undrast paa,
um den gamle Mannen vart litt saar
paa det; Pengarne skulde han ut med,
og saag han so, at han berre fekk
Skam til Takk —. — Aa, desse Pen-
garne, rengde Daniel. Var det hellest
nokot Pengar aa snakka um enno?
Las ikkje Kapellanen fritt kanskje?
Han brydde seg nok ikkje so mykje
um desse Pengarne, han. Til dette
svarad Maren, at ein kunde daa væl
ikkje for Skam Skuld lata Kapellanen
stræva for reint inkjevetta; ein laut
altid senda han ein Kjøtfjerding elder
ein Smørambar so daa og daa, og so
laut ein ofra litt raust paa dei store
Høgtiderne, og det same laut ein gjera
med Klokkaren; so naar alt vart ihop-
lagt, og dertil den Maten, som Daniel
maatte hava, men som han ikkje gjorde
Like fyre, so vart det Pengar av like-
væl. Ole Johannes hadde somen i det
siste Aaret laant ikkje so fane Pengar,
lagde ho sutrande til. Daniel kjende seg
som djupt nede i ei Myr. Berre Mat-
rekningar, berre Mat-Tankar, Smaa-
skap, Armodsdom heilt igjenom. Skulde
dei no tilmed rekna den vesle Maten,
som han kunde eta upp —! Han gjekk
ut, liksom for aa faa Luft etter dette.

Men sidan torde han ikkje annat
enn vera snild Gut; han lempad seg
etter Husens Skikk og gjekk Far sin
under Åugo so fint han kunde. Ole
Johannes smaamylte med seg og totte
dette stod godt til. Det hev du godt
av, Far min! tenkte han; det er ikkje
verdt, du vert Storkar fyre Tidi! —
Men Daniel likad ille paa Leiken.
Han vart mest hatig paa denne aand-
lause Moldtrælen, denne gamle Bonden,
som ikkje kunde forstaa det Slag av
det, som var høgt og stort og ædelt
paa Jordi. Og alt i eit gjekk han og
sullad paa Bjørnsons klassiske Leng-
tingsvers i ”Arne:”

”Ud vil jeg, ud, 0, saa langt, langt, langt
: over de høie Fjelde!

Her er saa knugende, tærende, trangt,

og mit Mod er saa ungt og rankt!” —
Men naar Bror hans, han Lias,

høyrde slikt, so sagde den aandlause

Slampen, at ”Hr. Daniel” kunde vera

glad, dersom han aldri fekk det verre

enn heime.

Bibelen og dei moralske Reformer.
(Foredrag av Principal I. Macy i Iowa
Collegiums kristelege Samlag.)

(Slutten).

Av det Mynstret, som Kristus hev
gjevet oss, kann me forstaa Fram-
gangsloven i Kyrkja hans. Aanden
opendagar Sanningi for dei Læresvei-
narne, som hev den aalvorlegaste Hugen
til aa læra. Desse Læresveinarne byrjar
aa arbeida imot den serlege Syndi,
som er gjord kjend. Der vert Mot-
Stræv. Some, ’som er store i Kyrkja,
er ikkje so store i aandelegt Syn. Dei
vert urolege yver aå sjaa ei Sanning
rykkja fram, som dei ikkje kann for-
staa. Dei byrjar og vil rettvisgjera
seg med aa ropa paa Abraham og
Moses og Paulus, elder, verst av alt,
einkvar ytre Gjerningen av Mannen
fraa Nasaret. Dei stend Sanningi
imot. Vonde Menn og vonde Aander
flokkar seg snart ikring desse Kristi
Etterfylgjarar skulde vera, som fører
Krig mot Sanningi. Og desse Kristi
Etterfylgjarar, som dei kallar seg, som
bev haldet fram paa denne Maaten,
hev ofta vortet Hjelpesmenn for dei
vonde Herskararne. So hev det gjengje,
og so vil det gaa, til dess Meistarens
eldfullaste Tale vert meir fullkomeleg
forstaden.

Naar vil dei Kristne forstaa, at
dei inkje skal dømast etter dei Paalegg,
Kristus - gav Paulus, men etter dei
Paalegg, Kristus gjev dei! Eg kjenner
ein Mann, som, so lengje Trældomen
varde, altid talad for Trældomen; no
brukar denne Mannen aa innleida alle
sine politiske Talar med nokre Ord
mot Trældomen. Kven er det, som
spyrr etter hans elder nokon annans
Meiningar um Trældomen no?

Aa halda paa aa slaast, etterat
Slaget er slutt og Fienden daud, det
er aa fikta i Lufti. Det er ein Skalke-
strid. - Slikt vilde i det Maalet, som
Kristi Lærdomar er skrivne i, verta
nemnt med same Ordet som Skrymt
elder Hykling. Kristus lærde oss, i
Ord, som me burde skyna, at han
ikkje hev Bruk for slik Slaasting i
sin Strid. I vaar daarlege Filosofi
tenkjer me det er naturlegt, at ein
gamal Mann kjem ut av Lag med si
Tid og berre slær sine Ungdoms og
Manndoms Slag um att. Kristus toler
ikkje slikt eit Syn paa Saki. Ein
Karakter, som Kristi Aand hev havt
meste Luten i aa laga, skulde verta
berre meir og meir gløgg til aa taka
imot det nye, som kjem upp i Mei-
starens Rike, ettersom Livet gjeng
fram. Unge og gamle er, gjenom
Kristi Lærdom, haldne strengt til den
Skyidnad aa skyna Teikni i si Tid og
vera med i den livande, moralske Stri-
den, som den lyt føra.

Apostelen Paulus var, daa han var

ung, trongsynt og fanatisk, ein Fari-

sæar av den strengaste Sekt. Denne
stivsnørde, ivrige Ungdomen vart rørd
av Kristi Aand og vart den mest radi-
kale og framgangskjære Læraren i si
Tid. Daa Peter vilde leggja den ny-
fødde kristne Kyrkja i Reivar, stod
Paulus upp imot honom. Kristi Kyr-
kja var ikkje eit veikt Krek, som trong
til aa verjast; ho skulde yvervinna
Verdi; ho maatte hava Rom til aa
veksa. Paulus strævad framfor alting
etter aa faa kunngjort Guds heile
Raad. Han vart alt for alle, at han
kunde frelsa nokre. Ettersom han
gjekk fram i Alder vart han meir og
meir ivrig etter aa naa fram og faa
Tak i Rikets nye Ting. Um Paulus
hadde vortet so gamall som Metusa-
lem, so hadde han endaa vortet den
mest radikale Framstigsmannen i si
Tid. So lengje som han heilt ut leet
seg føra av Kristi Aand, so lengje
vilde han og gløymt dei Ting, som
var attum han og stundat etter det,
som var frammanfyre. Apostelen Pau-
lus er ikkje eit Tilfelle i Kristi Kyrkja.
Han vart vald av Meistaren til aa
syna Kyrkja, kva Kristi Aand kann
utføra for alle Menn.

Forklædde Novembersamlag.

Høgremennerne tek til aa laga
”Syttende-Mai-Foreninger” no. Namne
klingar godt, og ”Fædrelandet” hev
skrive eit vent og rørande Stykkje for
aa framhjelpa desse ”nye” Forenin-
garne. I dette Stykkje kjem ”Fædrl.”
bland mykje anna med eit Paastand,
som inkje bør ganga aatalslaust av.

”Fædrelandet” segjer, etter at det
fyrst hev anka seg yver dei radikale
”9 Juni-Foreninger”, som Venstremenn
hey stifta, at desse Niandejuni-Sam-
lag er ei Svivyrding av det norske Folk.

Det skulde vera Moro aa høyra
”Fædrelandet? greida ut Meiningi med
dette Paastande sitt. Naar me Ven-
stremenn er glade i Niandejuni-Dagen
og minnest den med Hugnad, fordi
me trur, at Storthingje daa hev av-
slegje det verste Stormlaup, som er
gjort paa vaar Fridom sidan 1814,
og at det stod i Striden med Æra,
korleids kann me daa med dette svi-
vyrda det norske Folk? Det maa helder
vera aa svivyrda det norske Folk aa
segja, at dei Menn hev gjort Grunn-
lovsbrot, som det norske Folkje hev
valt til sine Talsmenn og sendt til
Things. ’

Ikkje helder kann me skyna, kor-
leids ”Fædrelandet” kann vera so glad
i aa pryda Foreningarne sine med 17
Mai-Namne. Inkje rettare en me veit,
so segjer ”Fædrelandet?” det, at vaar
Grunnlov er av 4de November, ikkje
av 17de Mai. Og naar so er Tilfelle,
so kann fulla ikkje 17de Mai vera
stort aa gleda seg yver. Det, Nord-
mennerne gjorde den 17de Mai, maa
etter Fædrl.s Læra berre vera Upprør
mot sin allernaadigste Konge Karl
”den Trettande.”

Elder kanskje ”Fædrelandet” no
ser, at Foreningar med ”November”
framum seg ikkje hev vidare Lukka
til aa draga det norske Folk til seg?
Er det derfor, det vil prøva med eit
nytt ”Forled” med ein folkekjærare

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free