- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
132

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

|
|
|
Ep
|

132

Fedraheimen.

19de August 1882.

kvar Del for seg, og ”Prøverne” paa
Landsmaal og Svensk kann ein faa
serskilt til Innbinding i kva Del ein vil.

Politiske Stev.

Mot Folket stridde den Selmerguten,
Kongsbogen laana han laut til Slutten;

«men visst han lærer i denne Leik,

at Kongebogen han er ”for veik!”

Og store Ord utav skrale Karar,

me vyrder lite i okkas Gardar,

og snaudt eg trur, me paa Hovde snur,
fordi dei blæs i ein Taakelur.

Og Landsens Pengar so vil dei hava,
men Bonden snildt skal for Landet kava;
ja kava skal han, den Bonde graa,
men Landsens Pung, den vil Selmer

,

Traa.

Noyembermannen stend trygg paa Tilje,
han trur, at Bonden hev ingen Vilje;
Noyembermannen lær i sitt Skjegg,
han er so seig som ein Hesteklegg.

Aa Myrmann maa mo slett ingen vera,
det er imot baade Lov og Æra;

men Høgre-Myrmenn i harde Tak, —
daa segjer Presten: d’er ei onnor Sak!

Og Høgre vil seg no ut og fria,
men Veto-Gampen er sta aa rida;
ja Veto-Gampen er sta og stinn,

og aldri trur eg, at fram han vinn.

Og vill og vond er den Høgrestyggen,
han sit og sveittar paa Veto-Ryggen;
han sit og sveittar paa Gampen sin,
og aldri trur eg, dei slepper”n inn,

Det er so leidt for den gamle Karen:
ban frir til Gjenta, men meiner Garden;

«den ”Skarve” Gjenta so frir han til,

men Garden er det, han bava vil.

Eit halvt Tjug Mann uppi Kongens
Salar

gjeld meir enn Folket i alle Dalar;

eit halvt Tjug Mann er den Herre-Ring,

men Norigs Folk gjeld for ingen Tine.

Og Folket segjer: so skal det vera!

men Selmer svarar: me skal dykk læra!

Og Folket bed: maa me faa det no?” —
men Selmer svarar: tak det med Ro!

Og tredje Gongen med blide Bøner

so kjem dei att, desse Nordmenns Søner;
men Nei so svarar den Selmergut,

for, ser De, Vetoet er absolut! —

Eit halvt Tjug Mann uppi Kongens
Salar

skal segja Veto til alle Dalar;

for eine vis er den Herre-Ring,

men Norigs Folk skal vera ingen Tine.

Kristiama, den 18de August.

Det gamle Høgresnakk, at Vinstrebladi
er ”vantrue”, skal Folkehøgskulelærar
Ulmann no ha komet fram med paa
eit Møte i Løitens Samtalelag. Ialfall
fortel den politiske Skulemeistaren Kri-
stiansen det i Budstikka*). Me vil i
det lengste vona, at Budstikke-Kristian-
sen fer med Vas; for Ullmann hev fyrr
voret ein sanningskjær og samvitsgløgg
Mann. Men hev han verkeleg sagt slikt
nokot, so maa ”Fedrah.” for sin Part,
liksom ”Samfundet”, krevja, at han san-
nar sine Ord, elder so fær han for sin
usannferdige og tankelause Tale sjølv
staa til Skamdar.

*) Kristiansen fær Lov til aa vera politisk,
endaa han er Skulemeistar, av di han
er novemberpolitisk og berre skriv i
Budstikka. Gakk du av og gjer likeso,
— so fær du og Lov til aa vera politisk!

Kristendom er det, meiner Høgre,
naar ein er vantru i Grunnen, men
”tigjer med sine Tvil.”

Dei vil hava Lov til aa vera Friten-
kjarar sjølve, so mykje dei vil; men
Folket — maa ikkje vita um det.

Ver Fritenkjar so mykje du vil,
men skrik imot Bjørnson, fordi han er
Fritenkjar, — so er du so god Kristen
som Høgre hev Bruk for.

Sjaa um du i nokot Høgreblad finn
serlegt kristelege Tankar elder serlegt
kristeleg Moral! Det - ei-
naste, du finn, er dette endelause Gnaa-
let um, at Vinstre er wkristelegt; —
og naar berre eit Blad pgnaalar jamt
paa det, so er det ”kristelegt”.

I Høgre gjeld det ikkje lenger um
Trui. Det gjeld um aa kunna bruka
Trui — til Vaapen i Politikken.

Langtifraa.

Fyrr heitte det: vil du vera kristen,
so maa du fylgja Kristus og taka hans
No heiter det: Skrik
dugeleg mot Vinstre, — so er du kri-

a
Kors paa deg.

sten! —

Dei kristne i dette Landet, som trur,
at Kristendomen ikkje hev likare Stud-
nad enn Høgrepolitikken, — dei maa
mei Sanning segja, at me hev vondt av.

Magtens Agenter bør handle i Regje-
ringens Aand*, skreiv Karl Johan i 1824.

Til det Formaal vilde han av Stor-
thinget faa Rett til aa avsetja alle
Embættsmenn utan Lov og Dom, —
alle so nær som Domarar, naturlegvis.

Embættsmannsstorthinget i 1824 sagde
Em-
bættsmennerne vilde den Gongen ikkje

Nei til dette kongelege Forslaget.

gjelda for ”Magtens Agenter” og ikkje
vera verjelaust i Kongens Haand.

No vil dei det.

No kann Kongen koma med eit slikt
Forslag kva Dag han vil — dersom me
fær eit Embættsmannsthing daa aa segja.

— Men han kann lata det vera og.

For ”Maetens Agenter handler i
Regjeringens Aand” likevæl.

Det er ikkje svært ofta aa finna ein
sjølvstendig Mann i Embættsflokken no
for Tidi.
Tenestgutar.

Mengdi av dei er kongelege

Tingen er — som Konstitusjonskomi-
teen i 1824 sjølv vedstod —, at ”Fm-
bedsclassen her i Riget befinder sig i
et Forhold til bans Majestæt, der nød-
vendigen medfører en meget betydelig
Afhængighed, og for en vigtig Del gjør
den Enkeltes Skjæbne afhængig af Hs.
Majestæts Bifald og Naade.” Dette maa
ein minnast, naar ein vil døma dei rett-
vist, og — naar ein vil senda dei til
Things.

folkesuveræniteten var i 1824 pgod-
kjend av sjølve Kong Karl Johan.

Denne Kongen vilde millom mykje
annat hava Uppløysningsrett, —

”og det bliver da,” skreiv han (Stfh.
1824, No. 4, Mai, 8. 76), — ”det bliver da
Nationen, til hvem man appellerer, og
som da dömmer i sidste Instants, enten
ved at fornye eller tilintetgjøre de fore-
gaaende Valg.”

No segjer ”Fædrelandet” til ”Na-
tionen:” ”Eders Valg er ingen. Dom
i Sagen.”

Og Luth. Ugeskr. og Mobl. segjer,
at Folkesuveræniteten er Antikristendom
og Upprør mot Vaarherre.

So langt hev Bakstrævet arbeidt seg
”fram” paa desse 58 Aar!

Etter Fædrelandet* hev ikkje Vel-
jarfolket Rett til aa skifta Rett millom
Storthinget og Regjeringi; men etter
Mgbl. skal Veljarfolket avgjera, ”om
Suveræniteten er af Gud eller af Men-
nesker.?

Etter dette maa dei meina, at Vel-
jarfolket nok kann aysetja Vaarherre
fraa si Magt, men at det derimot ik kje
hev Magt til aa avsetja Selmers Mini-
sterium.

Aat Bakstrævaren hev Å. 0. Vinje i
”Dølen” lagat ein Visestubb, som lyder so:

”Her arme eg stend paa min Vis og er galen,
for Livet som Katten eg dreger i Halen!”

— Den Visa er som gjord til vaare
Noyembermenn.

«Kra er Fridom?* spurde Dølen 1 ein
17de Mai-Tale.
"Naar me sjaa paa denne Jarnvegen
her ned med Aai og tenkja paa, kor-
leis Folk sleit og kom fram 1 gamle
Dagar, so maa me segja: Det er Fr-
dom. At den vesle Guten, som var
med og rodde oss yver Sundet, at han
eingong kann verta slik ein Kar som
me og lata seg ro yver av andre, verta
Prest, Skrivar, eigande ein gild Gard,
ja endaa verda Kongsraad, det er Fri-
dom. At kver og ein er det, han sjølv
gjerer seg til, at Dygd og Dug og Tru-
skap og Stræv og Kunnskap og alt det,
som godt er, aaleine gjerer Mannen stor,
det er Fridom. At Gaten og Gjenta
som tenar, kunna segja til Husbonden
og Husfruva, som dei ikkje lika: ”eg
vil flytja til eit annat gildt Hus, og eg
er likso god som du,” det er Fridom.
At Presten er med og so mange andre
gilde Folk, og at ingen vil vera Kar
framifraa den andre, men at alle stræ-
var etter aa vera Brøder, so vidt det
kann lata seg gjera i Livet, der ikkje
alle er like gode og strævsame, sjaa det
er Fridom; og at Gardarne er betre
uppdyrkade enn fyrr, at her er meir
Folkeskikk no enn fyrr, og at me draga
fram Nordmannskapen 1 Livet, i Kunst,
i Skiift og Tale, sjaa det er Fridom.”

Og han svarad:

Kongen greet i Drammen. Folkets
Kjærlighed er min Styrke”, sagde han,
og so greet ban. å

Drammensbuarne — jublad.

Men at Kongen greet, daa han talad
um Folkets Kjærleik, — det kann me
so godt forstaa. -—

Ein gamall Novemberkakse i ”Nasjo-
naldragt” bad Kongen ”ikkje bry seg
um Niendejuni-Avgjerdi.”

Slike Raadgjevarar er det, Kongen
Og daa er det berre
rimelegt, at han lyt graata, naar han
tenkjer paa Folkets Kjærleik. Den
greet for Gull, som Gull — kunde
hava aatt!

hev og høyrer.

«Det skal det norske Folk vitaf, skriv
det svenske liberale Regjeringsbladet Da-
gens Nyheter, ”at der stend ikkje ein
einaste svensk Mann bak det tome Skrav-
let i eit svenskt Blad” (Aftonbladet),
”som hev gløymt og brotet med heile
si Fortid, og som mno berre liver eit
Skrymtliv paa det Namnet, det eingong
var vyrdt under.”

Nyt Skuleblad. ”Vor Folkeskole, et
liberalt Ugeblad særlig for den norske
Folkeskolelærerstand. Redigeret af Thu-
land og Julsrud.” Av dette Bladet er

no fyrste Nummeret komet; det byrjar
fagert og godt med eit Bilæte og ei
Livsskildring av Ole Vig, kvart No. er
paa 8 Kvartsidur; Bladet vil kosta 5
Kr. Aaret med Postpengar og alt, og
vert, aa døma etter No. 1, innhaldsrikt
og forvitnelegt. Me vil ynskja Bladet
god Lukka til sitt vigtige og vanskelege
Arbeid. Maatte Norigs Lærarstand en-
deleg Jæra aa haida so vidt ihop, at
dei kann halda eit skikkelegt Skule-
blad uppe!

0. 8. Welde, som Lækjaren dømde
Livet av, hev no snart fengje att Helsa
si, er det sagt. Dei er seige vaare gode
Politikarar. :

«Kongen tryggde Livet sitt, fyrr han
for hit til Noreg, for 600,000 Kruuor,
fortel ”Dagbl.”

Myrmenner gjer Brukseigararne i Rau-
mariks-Fylket no i hundra, kanskje tu-
sund Tal,

Skalkestrid bev det vore i seinare
Tider baade mnordanfjells i Stjørdalen,
vestanfjells paa Jadren og paa Austlan-
det i Vestfold.

— Valmannsvali hev tekje til i Borgesysla
no. — Dei som er valde er Venstrefolk.
N. J. Sørensen hev vorte vald i Askim.

Nr. $ av ”Fedraheimen” for i Aar
vil Ekspeditionen gjerna kaupa, um det
er nokon, som vil vera av med det.

Dei, som skylder før Bladet,
lyt no vera so gode aa betala.

Lysingar.

Vonheim folkehøiskole

begynder igjen 17de okt. for gutter over 18
år. For skolen betales kr. 4 mndl.; men
de, som indsender ansøgning med vidnes-
byrd om trang, kan fritages for disse. For
hus og kost kr. 20 mndl. Lagen og hånd-
klæder må medtages, helst også sengklæder,
halvten til dobbelt seng; ellers betales der-
for kr. 6 for vinteren. Lærere er I. Bøhn
og M. Skard samt 0. Sand; Chr. Bruun
holder foredrag i gjennemsnit mindst en-
gang om ugen. Den øgede lærerhjælp giver
os adgang til at dele lærlingerne i to klasser
og til at føre den øverste en del videre i
praktiske fag. Indmeldinger inden ste okt.
til Bøhn, Foldbu, Lillehammer.

- Qvams Skole.

(Smaaskole, Middelskole, kortvarigt
Kursus for ældre paa Latin- og En-
gelsklinje, 2aarigt Latin- og Realgym-
nasium). Indmeldelser modtages Kl.
12—2, Universitetsgaden No. 6.

P. Qvam.
RESSJSSHSSSASj||BRSsLSeSRSRS0H

: Kvindeligt Realgymnasium
og Middelskole.

| Universitetsgaden INo. 8S-
Kontortid Kl. 12—2.

P, Qvam.
É SeSSSESE SS |SSSSISSSSS

Om Trontalen den
21de Juni 1882.

Et velment Ord til det norske Folk.
Af en Fedrelandsven.
(Særaftryk af ”Nordmanden”.)
Pris 10 Øre, frit sendt i Posten. For 1
Krone sendes frit 20 Ekspl., for 2 Kroner 50.
Betalingen kan sendes i Frimærker. For 3

Kroner sendes 80, for 4 Kroner og derover
30 for hver Krone.

yNordmanden*s Ekspedition,
Torvygaden 5 b, Kristiania.

SEDSESSSEFTS

ar

2R52

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free