- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
162

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

162

Fedraheimen.

14de Oktober 1882.

Gifte aa faa for ein Arbeidsmann, som
vil setja Hus!”

Og so hende det, at ein ung. Pa-
rykmakar, som hadde sett seg til med

ein Verkstad rett imot Huset aat Sa-

vourin, kom ein god Dag og baud seg
fram til Athenais. Jau, alt gjekk godt
og væl, og Brudlaupet var alt avtalat.
Men so kom der nokot i Vegen, —
nokot, som førde baade Athenais og
Far hennar og Bror hennar for Politi-
retten; for dei hadde bankat den for-
doms Brudgomen, skulde verta, upp,
— den fordoms; for millom dei el-
skande var alt ute.

”Hr. Domar”, sagde Parykmakaren,
”denne Savourin her, han likar nok
aa apa seg Vælstandsmann; men han
er ein gamal Noksagt, som ikkje eig
det Grand —”

Domaren: ”Vil De ikkje prøva
aa finna litt smakfullare Uttrykk.”

Klagaren: ”No skal De høyra
heile Soga. Fyrr me skulde hava
Brudlaup, eg og denne unge Dama
her, snakkad ho altid um, at bo elskad
meg; men eg fekk kjenna Kjærleiken,
eg, — den Havkatta! Naa, eg var
komen i Beit for eit Par 20-Frank-
Stykke, for eg skulde kjøpa eit og
annat til Brudlaupet; og so segjer eg
til meg sjølv: du hev ein god Ve:far,
det er ingi Skam, um du laanar dei
Skillingarne av honom! Dermed gjeng
eg: burttil han og slær utum litt um
desse 40 Frank. Han stend og glor
eit Bil, so segjer han: ”Hm! 40 Frank!
— naa, so maa eg taka ut nokre
Pengar i Banken . . . kom att i Morgo,
so skal du faa dei.” ”Det er godt!”
segjer eg daa; men det sagde eg ikkje
24 Timar seinare. No skal De høyra.
Ser De, heile dette Huset er eit reint
Etarbøle; alt det dei tenar, gjeng i
dei; den Magen, det er ein Innbunad,
som eg vaagar kostar dei ikkje so lite
fraa Aar til annat aa halda istand.
Alt dette her hev eg fengje visst etter-
paa; men no vilde eg helst forklara
det med det same.”

Domaren: ”Det kann vera bra
nok; men vil De ikkje helder halda
Dykk til Saki.”

Klagaren: Gamle Savourin gjeng
so til Dotter si og segjer: ”Høyr, Gjenta
mi, kann du laana meg 40 Frank?”
Athenais hadde ikkje Pengar, kann
De vita; men det brydde ho seg ikkje
um aa segja til Far sin, og so svarar
ho nokso kaut: ”Jau! du skal faa dei
i Morgo.” Dermed gjeng ho til Bror
sin og spør, um han kunde laana henne
40 Frank. Han er no og ein Matkrok,

men han segjer som so: ”Du skal faa

dei i Kveld.” Og so gjeng han til
meg. Høyr, Verbror,” segjer han,
”du skulde ikkje hava 40 Frank aa
laana meg?” — ”Nei, det er raadlaust,”
segjer eg. — ”Men berre for eit Par
Dagar!” segjer han. — ”Ja, er det
berre for eit Par Dagar,” segjer eg,
”50 kann du faa dei i Morgo; du kann
finna meg burthjaa den Gamle, der
skal du faa dei,” segjer eg; for eg
vilde ikkje han skulde segja eg var
vrang. — Dagen etter gjeng eg burt-
til gamle Savourin, og der finn eg
Athenais, og strakst som eg var komen,
so kjem Bror hennar og. So tek eg
Verfar min til Sides og kviskrar: ”Hev

”Athenais, gjev meg dei 40 Frank.”
”Jadaa!” segjer ho og tek Bror sin til

du dei 40 Frank?” — ”Strakst!” segjer
han, tek Dotteri til Sides og -segjer:

Sides: ”Hev du dei 40 Frank?” segjer
ho; og so tek han meg til Sides og
spør: ”Hev du dei 40 Frank?” —

Domaren: Ja, men Julingi? Kor
vert det av Julingi?

Klagaren: No kjem ho. For daa
eg forstod, kva for Folk det var, eg
var komen i Lag med, so sagde eg
Takk for Dotteri og slog upp med ein
Gong, og dermed so tok dei paa meg
alle tri.

Domaren: Lat oss so høyra Vitni.

— Det vart fullprovat, at Klagaren
sagde sannt i den Saki, og so fekk
Savourin, den gamle og den unge,
kvar Fengsel i 6 Dagar, og Athenais
maatte bøta 50 Frank.

Eggjakvalbonden aa Haareinsfolkje.

(Ei gamal Soga — fortald fraa Indrafjorden
i Sogn av Andreas Fretheim.)

I Audland æ dar eiu Dal, so dei
kadla Flaomsdalen. Fin Gar, eite
Brække, liggje lite vættao upp ifrao
Sjøen, aa Flaom liggje ”kje fullt ein
Fjæring aavaoføre dar atte. Titt aatmæ
Flaom æ dar ein rare Jorskanse, dei
kadla Haoreinao, aa dar budde naaki
snilde Huldefolk, so dei kadla Hao-
reinsfolkji.

* Ein Mann paa Flaom, eitte Anders,
va ein goe Ven mæ desse Huldefolkji.
Areleis sto da te imydlo han aa ein
førlæggjande store, stygge aa idle
Huldemann, so budde i Eggjakvalbåug
dar nepao Brækkeeigao. Heldest va
dei rædde denna Eggjakvalbunden
noken kor dar paa Flaom, aa da versta
va da, atte naor dei skulde ne te
Brække, so maatte dei sett-upp fara
aover Håugjen hass, før han liggje
likaso eit Hustak, mæ eine Enden mot
eit Hoggberg aa mæ hin Enden ne
imot Elvi.

Ein Julekvæld skulde han Anders
Flaom endelæ ha eit lite Baa ne te
Brække. ”Tore du ria ne dar, du
Sjur?” sa’n te Tenestguten sin. ”Ja
eg æ lika hente eg,” sa’n Sjur; ”da
gaor no kje verre elde idla, veit eg.” —
Neaover te Brække gjikk da aoverslæ
væl; for Eggjakvalbunden va nok
inkje vanen mæ, atte noken torde fara
dar um Julekvælden, aa soleisi va han
Anders gote koma se langt forbi han,
fyrr Styggjen fekk sjaa’an. Men ta-te,
om da gjikk so, naor han for tebakers

atte; aa nei, da slapp du føre. Mitt
paa Håugjen treft’an Bunden: ”Gu
Kvæld!” ”Gu Kvæld og. Aa so æ

Karen ute aa rie so seint om Jule-
kvælden?” ”D’æ nok so.” ”Du faor
stogga lite daa, so du ikkje reise atte
mæ Juli ifrao me.” ”Aa takk so bye,”
sa’n Sjur, aa tok so imot ein store
svære Sølvtankar, so Bunden flidd’an.
Men i da sama han skulde lyfta Tan-
karen te Munnen, so kom han ihug,
atte da kunde vera Fiter elde enkort
slikt, so Styggjen vilde skjeinkja’an;
aa da’me (darmæ) so let han da gao
att aover Aksli si, so Gløysen sto ne
aover Hestalendi, aa Tankaren dansa
pao Markji. Men dao kann du tru

— | Tvibyks.

atte Hesten kvapp; aa framigjøno bar

da mæ Guten i firande Tan aa fljugande
-*”Aa, eg naor de nokk”! sa

Eggjakvalbunden. ”Søk Byggaokra”!
sa dei snilde Huldefolkji i Haoreinao.
Da’me (darmæ) klemde Guten te aover
Elvi aa rei so Spruten sto. Soleis va’an
gote naa bort i ein Byggaoker, fyrr
Styggjen fekk fat an. — ”Gott æ da
aa ha goe Vine,” sa Eggjakvalbonden,
aa klo se i Krunao. ”Ha, ha, ha,” så
da upp i Haoreinao.

Naor Guten skulde te sjao um
Julemaaroen, so hadde den Stygga-
heiti, so va i Tankaren, bromne reint
Haori ao Hestalendi. Hadde ”kje dei
snilde Haoreinshulded”n stelt me te aa
ria aover Elvi, so hadde da gaat verre
elde idla baade mæ me aa Hesten,
teinkte Guten.

Kongeleni i Sverig.*)

Umframt den Løni, som Kongehu-
set fær av Norig, hev det av Sverig
slike Innkomur, som her kjem:

Krunur.
I. Kongens Hoffhald . .... 800,000
Krunprinsen ++. 180,000
”Handpenningar” til Krun-
prinsessa 12,000
Prinsesse Therese ..... 28,000
Do. — Eugenie ..... 18,000
Til Innbunad i Slottet .. 56,400
Hofstalen 45,000
Politi, Ljos og Reinhald til
Slottet og Prinsegarden %22,500
Rosersbergs Slott ..... 3,000
Ved og Kol til Hoffet. . . 50,000
Reparasjonar av Slottet og
andre Hoffbygningar . . 63,000
Brandvæsen m. m. .. 11,250
Drottningholms og va
sjørslon 24,600
Gripsholms Slott . . . . .. 5,000
Ulriksdals Slott . ..... 8,250
Haga Lystslott . . . .... 8,000
Strømsholms Slott . . ... 3,000
Kr. 1,330,000
Krunur.

IL. Av Riksgåldskontoret hev
Kongen dessutan aarlegt 300,000

Ialt — Kr. 1,630,000

Dessutan er Kongehuset fritt for
Skatt og Toll; og skulde ein setja i
Pengar alt det Krutet, som kvart Aar
vert burtskotet paa kongelege Namne-
og Fødselsdagar osfr., so vilde det og
verta ein Slump Pengar. Endeleg hev
Kongehuset Innkomur av burtleigde
Rom i visse Slottsbygningar, soleis av
ein Kjeldar under Slottskyrkja, ”hva-
rest idkas handel med spirituosa.”

Til større Istandsetjingar av Slotts-
bygningar og dilikt fær Kongen Pengar
umframt. I 1823 fekk han Pengar til
Umbygning av Lejonbacken, i 1829 fekk
han 180,000 Kr. meir til det same, og
i 1859—60 fekk han 51,650 Kr. til
Slottsreparasjonar. — Aat Kongehuset
hev Staten kostat 8 ”kongelege” Jarn-
vegsvogner til ein Pris av yver 100,000
Krunur.

Skal ein Prins elder ei Prinsessa
gifta seg, betalar Staten Brudegaavur,
Heimanfylgje 0. m.; vert ein Konge

*) ”Envålde och folkvålde af Alexamder
Nilsson, V. Heradshøfding. Første Delen.
Stockholm 1881.” Pris 3 Kr.

krynd, eit Barn døypt, eit Lik grav-

sett, betalar Staten likeeins serskilt.
Her er ei Lista yver slike og liknande
Utgifter:

; Krunur,
Karl Johan, krynd 1818... —225,000
Dronningi hans, krynd 1829 47,000
Oskar I og Dronning kr.

AG 68,000-
Karl XV og Dronning kr

op 167,000
Oskar II og Dronning, kr.

Peder SR
Prins Oskar i 1815 til Hoft-

hald ST 80,000
Prins Oskar til Friarferd og

Trulovngse 900,000
Krunprins Karl til Busetjing — 242,000-
Prins Oskar II til Do,

mem Je 246,000-
Prins August ved hans Tru-

big rer
Prinsesse Lovisa, Brude-

Paava se 198,000:
Karl Johan gravsett 1844. 218.000
Prins Gustav do. RØED
Oskar I, do. 1859. 136,000:
Dronning Desideria, Dr. Lo-

visa, Carl XV, Prins Au-

gust gravsette. ..... ENN
Enkjedronning Josefine grav-

sett 62,000:
Til Betaling av Gjeld fekk

Kor XV 1,000,000-

Til Pensjonar aat Tenarar hjaa-
kongelege Personar er av Staten be-
talt ikkje so litet, visst fleire Millionar
Krunur.

Um Karl Johan er det upplyst*),
at han brukad 300,000 Kr. um Aaret.
til sine Utgifter; Resten, ikr. Kr.
1,200,000, lagde han upp. Kr. 1,200,000-
aarleg i 20 Aar, — det vert ein liten
pen rund Sum i privat Eigendom. —

Gjenom sine store Innkomur kann
dei konstitusjonelle Kongarne, liksom
dei einveldige, samla seg uhorvelege
Rikdomar,. som dei daa kann bruka.
til kva dei vil, millom annat til eit
Ovliv, som kann verta til Ulivnad, og
som tek seg underlegt ut i Likning
med den Armod og dei sure Vilkaar,.
som Folket so ofta maa lida under,
— Folket, som maa føda baade seg
sjølv og Kongehuset.

Til aa gjera ”Hoft-Tenest” hev Os-
kar II ein ”Hoffstat” paa i alt 143
Mann (svenska Statskalenderen for
1879). Dei høgste av desse er:

1 Riksmarskalk,

1 Øfyerstekammarherre,

1 Øfverhofstallmåstare,

1 Øfverhofjågmåstare,

3 Øfverstekammarjunkare,
1 første Hoftmarskalk,

1 første Hoffstallmåstare,
1 Chef för Hofförvaltningen,
1 Øfverceremonimåstare,
5 Kabinettskammarherrar,
1 Ceremonimåstare,

2 Vice Ceremonimåstare,
4 Kammarjunkare

1 Kammarpage,

I Kammartjenare,

20 Prestar (1 Øfverhofpredikant, 6

ordinarie og 11 extraordinarie

*) ”Ur svenska hofvets och aristokratiers:
liv” af A. Ahnfeldt, Norrkøping 1880.

Mt van Nb

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free