- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
178

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

NG

Fedraheimen.

Ilte November 1882.

Sir Peter. Kvat? ein som Karl
ikkje heve fengjet Pengar hjaa fyrr?

Moses.
Kors-Bror, som fyrr heve voret Millom-
handlar.

Sir Peter. Sir Oliver! Eg kjem
paa nokot. — Du segjer, at Karl ikkje
kjenner Master Premium.

Moses. Nei, langtifraa.

Sir Peter. No daa, Sir Oliver!
Her heve du eit betre Tilhøve til aa
naa dit Maal, enn ved aa gjeva deg
ut for ein gamal fatik Ætting. Fylg
med vaar Ven Moses og gjev deg ut
for Premium, og daa skal eg lova for,
at du skal læra Karl aa kjenna i al
hans Glans.

Sir Oliver. Væl! Eg likar denne
Maaten betre enn den andre — so
kann eg sidan helsa paa Josef som
gamle Stanley.

Sir Peter.
kann du.

Rowley. Gott. Der aa taka Karl
i den saare Verken. Men høyr Moses,
du skynar Peters Meining og maa
halda deg stødug.

Moses. Ja, lit du paa meg. Det
er no ved den Tidi, eg skulde koma
til honom.

Sir Oliver. Eg gjeng med deg
so snart du vil ganga, Moses. Men
sjaa, d’er ein Ting, eg so nær hadde
gløymt — koss i all Verdi skal eg
kunna gjeva meg ut for ein Jøde?

Moses. Det trengst ikkje Sir Oli-
ver, — Mannen er ein Kristen.

Sir Oliver. Er han det? Det
gjerer meg illt aa høyra det. Men
* enno eit. Er eg ikkje for godt klædd
til aa sjaa ut som ein Pengelaanar?

Sir Peter. Nei, langtifraa. Det
hadde ikkje voret ille, um du hadde

Det var rett; det

komet i Stasvogui di. Vilde det,
Moses?
Moses. Aa langt ifraa.

Sir Oliver. Væl. Men korleis
skal eg tala? d’er væl visse Ordtøkje
og Kunstknip, som Pengeflaaarne hava.
maavita, som eg trengde til aa kjenna.

Sir Peter. Aa, d’er visst ikkje
so mykje aa læra. Hovudsaki er her,
so vidt eg skynar, at du tek Munnen
væl full aa gjerer store Krav — ikkje
sannt Moses?

Moses. Jau, d’er Hovudsaki.

Sir Oliver. Eg skal nog freista
paa det, det skal eg lova. Eg vil for
Laanet hava otte elder ti av hundrad.

Moses. Krev du ikkje meir, so
vil du strakst verta uppedagad.

Sir Oliver. Du Verdi, kor mykjet
daa?

Moses. Det spørst um Umstødurne.
Er han ikkje alt for mykjet i Beit for
Pengar, so fær du krevja berre firti
elder femti av hundrad; men finn
du, at han er i stor Knipa og treng
hardt um Pengar, so maa du krevja
tvo Gonger so mykjet.

Sir Peter. Du lærer eit godt og
ærlegt Yrkje no, Sir Oliver.

Sir Oliver. Ja, det skulde eg
tru — og det skal gjeva Vinning!

Moses. OQgso maa du vita, at du
heve ikkje Pengarne sjølv; men du
maa laana deim hjaa ein gamal Ven.

Sir Oliver. No, eg laanar deim
hjaa ein Ven, ja so?

Ja, Master Premium, ein|
samvitslaus Flaaar. -

Moses. Og Venen din er ein Flaaar

utan Samvit;
du for.
Sir Oliver.

men det kann ikkje
Ja: Min Ven er ein

Moses. Ja, og han heve helder

ikkje Pengarne sjølv i Handi, men er

nøydd til aa selja Statspapir med
stort Tap.

Sir Oliver. Ja, han er nøydd til
aa selja Statspapir med stort Tap.
Og det er daa mykje snilt gjort av
honom.

Sir Peter. No, Sir Oliver, Ma-
ster Premium vil eg segja, Du vil
snart verta Meister 1 detta Yrkje.
Men Moses! Skulde det ikkje og
vera godt aa klandra paa Rentelo-
gerne. Det vilde væl høva godt det?
skulde eg tru?

Moses. —Visseleg!

+ Rowley. Og so skal han klaga
yver, at ein ung Mann no maa vera
myndug, fyrr det er loglegt aa øyde-
leggja honom.

Moses. da vist, det er ei for
streng Log.
Sir Peter. Og misbruka det aal-

mennelege for aa gjeva Løn for ei
Gjerning, som aaleine heve til Maal
aa vinna Ulukka og Misstykkje ved aa
taka Rentor og gjeva Pengemannen
Tilhøve til aa erva sine Medel, um
dei ikkje heve gjort nokot for det.

Sir Oliver. So ja. Moses skal
gjeva meg endaa betre Raader, naar
me ganga saman.

Sir Peter. Men du vil ikkje faa
god Tid, for det leitar paa for Bror-
son din.

Sir Oliver. Aa, ingjen otte! Min
Hjelpesmann ser ut til aa vera dugleg;
um Karl budde i den næraste Gata,
er det min eigen Fel, um eg ikkje er
reint ein Skarv, fyrr eg kryper i Kro-
ken. (Han gjeng med Moses).

Sir Peter. So, no tenkjer eg, at
Sir Oliver vil faa Vissa. Du held med
den eine av deim, Rowley, og vilde
fortelja Karl um den andre Saki.

Rowley. Nei, var det likt seg
det, Sir Peter!
Sir Peter. Væl! Vil du faa meg

Snake i Tale, so fær eg høyra, kvat
han heve aa segja. — Eg ser Maria
og ynskjer aa tala med henne (Rowley
gjeng). Eg skulde verta glad, um eg
vart viss paa det, at min Misstanke
um Lady Teazle, Kona mi, og Karl
ikkje hadde Grunn. Eg heve enno
ikkje ymtat eit Ord um det til min
Ven Josef; men eg vil gjera det; han
vil vist segja meg si Hjartans Meining.
No Barn, er Josef Sur-
face komen att til deg?

(Maria kjem inn).

Maria. Nei, han hadde andre
Gjeremaal.
Sir Peter. Væl, Maria! Heve du

ikkje merkt det, at te meir du heve Um-
gjenge med denne unge gjæve Mannen,
te meir fortener han, at: du skynar
paa det?

Maria. Det maa eg segja, at den
stadige Tala di um denna Saki er meg
til mykje Mein. Du tvingar meg til
aa segja likefram, at eg kjenner ingjen
Mann, som eg heve voret saman med,
som eg ikkje kunde lika betre enn
Josef Surface.

Sir Peter. Aa fy, kvat er det for
Snakk? Nei, Maria, d’er berre Karl,

du helder vil hava. Der vist nog, at
hans Villskap og Laster heve vunnet
yver deg.

Maria. D’er ikkje pent sagt, Sir.
Du veit, at eg heve lydt deg, so eg
aldri heve set Karl elder havt Brevsend-
ing med honom; eg heve høyrt nog for
aa faa Vissa um, at han ikkje er verd,
at eg held av honom. Men um min
Forstand maa døma strengt um hans
Lyte, so maa Hjartat mit kjenna Med-
ynk med hans Ulukka.

Sir Peter. Godt og væl! Hav
Medynk med honom so mykjet du vil;
men gjev Handi og Hjarta dit til ein,
som er det betre verd!

Maria. Men aldri til Bror hans.

Sir Peter. Kann du vera so stiv-
nakkad? — Tak deg i Vare, Miss!
Du veit enno ikkje kor stor Magt ein
Formyndar heve; tving meg ikkje til
aa visa deg det!

Maria. Eg kann aaleine segja, at
du skal aldri faa nokon rett Grunn til
det. Etter min Fars Vilje er eg nøydd
til i ei viss Tid at halda deg i Fars
Stad; men eg maa halda upp med det,
um du vil tvinga meg til aa verta
ulukkeleg (mo gjeng).

Sir Peter. Kann noko Menneskje

vera so plagat som eg? Alting slær

seg saman for aa pinameg. Eg hadde
ikkje voret gift Mann i fjortan Dagar,
fyrr Verfar min, ein sterk og frisk
Mann, legg seg til aa døy — eg trur
— for at eg skal hava det Nøgje
aa plagast med Dotter hans. Men
her kjem Kona mi — ho synst vera i
Godlynde no. Aa kor. lukkeleg eg

skulde vera, um eg kunde faa henne|

til aa halda av meg berre eit litet Bil!

(Lady Teazle kjem inn).

Lady Teazle. No, Sir Peter, du
heve væl ikkje trættat med Maria?
Det er inkje Hugnad for meg, at du
er i Ulag, naar ikkje eg er med.

Sir Peter. Aa, Lady Teazle, du
kunde faa meg til aa vera i godt
Lag altid.

Lady Teazle. Ja gjev eg kunde!
For eg yuskjer, at du maatte vera i
godt Lag i denne Stund. Vær no snill
og god og lat meg faa tvo hundrad
Pund!

Sir Peter. Tvo hundrad Pund!
Kvat? Kan eg ikkje faa vera i God-
lynde, utan aa bitala for det? Men tal
altid soleids, so er der ingjen Ting,
som eg kann negta deg. Der hev du
deim, men du maa gjeva meg ein Se-
tel paa det.

Lady Teazle. Nei, men der er
Handi mi, den er væl god nog. —

(Ho rettar fram Handi).

Sir Peter. Og du skal ikkje lenger
lasta meg for, at eg ikkje gjev deg
Lumepengar til Gagns. Eg tenkjer
snart aa forstøkkja deg med nokot. —
Men skal me altid liva soleids?

Lady Teazle. Som du synst.
Eg bryr meg ikkje um, kor snart me

skal halda upp aa tretta, naar du berre

vil vera ved det, at du maa gjeva
tapt fyst.

Sir Peter. Godt, so lat Stridi
etter denne Dag berre vera um, kven
som er den mest rimelege.

Lady Teazle. Eg segjer deg, Sir
Peter, at du er fager, naar du er i
Godlynde, No ser du ut, som fyrr
me vart gifte, daa du gjekk og dreiv

med meg i Skuggjen under Almerne og
fortalde meg, kor staut du hadde voret

i din Ungdom og tok meg under Kin-

nen og spurde meg, um eg kunde
elska ein gamall Sveinkall, som ikkje:
vilde negte meg nokon Ting. — Gjorde
du ikkje?

Sir Peter. Jau, jau, og du var
so god og snild.

Lady Teazle. Ja, og eg tok deg.
altid i Forsvar, naar andre baktalad
deg og vilde hava deg til Narr,

Sir Peter. Nei verkeleg?

Lady Teazle. Ja, daa Syskin-
barnet mitt Sofia kallad deg ein:
gamall sur Sveinkall og log til meg,
for at eg vilde gifta meg med ein,
som kunde vera Far min, so tok eg:
deg altid i Forsvar og sagde, at eg:
syntest ikkje du var stygg, og at du.
vist vilde verta ein god Mann. :

Sir Peter. Og du spaadde rett
— og me skal verta det sælaste Par.

Lady Teazle. Og aldri kjeglast.
meir? E

Sir Peter. Nei aldri; men so maa
du ogso med det same, mi kjære
Lady Teazle, med Aalvor styra dit.
Sinne; for i alle vaare Smaatrettor, min
kjære, maa du minnast, at du altid
byrjade fyst, mi beste.

Lady Teazle. Du maa forlata
meg, min kjære Sir Peter, du byrjad.
altid fyst.

Sir Peter. Tak deg i Vare, min
Engel, ved aa segja imot, vinner ein
ikkje Vener.

Lady Teazle.
byrja, min kjære.

Sir Peter. Men det er vist du,
det er du, som byrjar. Du gjerer just
det, som du veit gjerer meg gretten.

Lady Teazle. Ja, naar du vil
verta gretten utan Grunn, min kjære.

Sir Peter. Sjaa, no vil du trætta att ?

Lady Teazle. Det vil eg slett

So lat vera aa.

ikkje; men naar du vil vera so
sur — —

Sir Peter. Sjaa no, kven byrjar
fyst?

Lady Teazle. Det er du, eg
sagde ingjen Ting. Men kven kan
halda ut med dit Ulynde?

Sir Peter. Nei, nei, Lady, der
vantar nokot i dit Lynde.

Lady Teazle. Ja no er du, som
Syskinbarnet mitt Sofie sagde.

Sir Peter, Syskinbarnet dit Sofie
er ei nasavis, leid Gjenta.

Lady Teazle. Du ser ut som eir
stor Bjørn, naar du soleids baktalar
Ætti mi.

Sir Peter. Nei, no maa alle Gif-
tarmaals Plagor koma yver meg, um
eg meir skal freista paa aa verta til
Vens med deg.

Lady Teazle. So mykje betre.

Sir Peter. D’er greidt, du kunde
ikkje gjera meg Skillings Gagn, og eg
var ein Jaale, daa eg giftad meg med
deg. Du var ei nasavis Guteflogsa
paa Landet, som hadde jagat halvt
ein Heidersmann i Grannelaget.

Lady Teazle. Og eg er viss paa,
at eg var ei Jaale, daa eg giftad
meg med deg, ein gamall, muggen
Sveinkall, som var nær ved dei femti,
aaleine fyrdi han aldri fann nokor
Gjenta, som vilde hava han.

Sir Peter. Ja, ja Lady; men du

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free