- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
61

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

61 Paa langferd



Han tala tysken best, engelsk noko tyngre; men med desse
maal kom han ikkje langt millom folk her.

Men folket i dette fagre landet, dei hadde han vondt av.
Dei bar trældomen utanpaa seg. Den eine filla slo den andre;
og gapande stod dei med sine lange pipor i armodslege
hyttor — ein kunde ikkje ein gong segja dei stod i døri; for
der var korkje dør eller glas, det var hundehol.

»Herre min Gud — segjer han — eg skynar deg ikkje
lenger, du er meg ei gaata. Korleis kann du, kjære Gud,
vera i stand til aa sjaa paa at nokon av dine skapningar kjem
so langt ned som dette Vallak-folket?»

So kjem dei aat Konstantinopel.

Eit underlegt saman-rot av store brikne slott og fille hus.

Men so kom Kold upp i Serashirtaarnet. »Herlege utsyn!»
ropar han. »Konstantinopel gjeng framum alt i verdi . . .
men ein maa sjaa det paa fraastand.»

Den Iste december 1842 siglde dei inn imot Smyrna.

»Eg sov til klokka 8 um morgonen — segjer han — stod
so upp og høyrde at me straks var framme. Men eg saag
berre fjelli som sveiv i skyerne; for skodda laag yver havet
og yver all mark.

»So saag eg masterne paa store krigsskip. Og no kom
husi; men dei laag som svalereir upp etter berget, det eine
ovanfor det andre. Me steig iland i Asia.

— »Um kvelden var eg ute med borni. Me gjekk ut or
byen, langs viki. Der var det fagert; aller mest aa sjaa bergi
— det eine attum det andre, høgre og høgre!

»Og so dette herlege gode veret! Her er varmt no som
midt paa sumaren i Danmark.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free