- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
93

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hem, 93

var betre aa faa einkvar annan; men slikt var
Kjøtsens og Satans Freistingar, og dei maatte
ein agta seg væl for aa lyda paa, for daa bar
det til Helvite. Tarald totte det var ein maka-
laus Tale, og det same totte Paal. Men Berg-
ljot høyrde ikkje so mykje paa det. Ho stod
og skalv, liksom ho skulde være sjuk.

Presten tok til med Vigjingi. Det gjekk
godt med han Paal. Men daa Presten kom til
Bergljot, gjekk det meir ymist. Ho sette i med
eit Nei, som var so høgt og kvasst, at alle
maatte høyra det. Presten vart liksom ustød
og skjeglad nedetter Kyrkja; men der stod
Tarald og stirde paa han so hardt og fast, at
han fekk Mod att og heldt paa som inkje var.

Med andre Spursmaalet gjekk det like eins.
Der vart Uro ned i Kyrkja; men Folk var ikkje
full-klaare i Hovudet og tenkte det laut vera
Ørskap og Mistak av Bruri. Gamle Kloökkaren
sat og glodde og undrast: Bruri hev fenget
Brennevin i Dag, tenkte han. Tarald stod og lik-
som steikte Presten med Augo; Presten heldt fram.

Bergljot vart rædd og fortryllt. Ho skalv
so Paal maatte stydja henne, endaa han sjølv
kjende seg veik i Knelederne. Tridje Svaret
kom saa laagt og ustødt, at ingen kunde høyra
det; Presten skundad og dreiv paa som han
stod paa gloande Eld.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free