- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
156

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

156 Seld til den Vonde. =

med slik veksande Ræddhug, liksom ein kunde
tenkja seg ei Mor, som laag og skulde døy, ag
som ventad paa Barnet sitt for aa segja det
Farvæl. Ho vart snart kjend i Byen ved dette;
dei kallad henne >Mor aat Prinsen< og var
ustøde paa, anten dei skulde læ aat henne elder
tykkja Synd i henne. Men alle undrast dei
paa, at den Slusken av ein »Gateprinsc kunde
hava ei slik Mor, og at ho ikkje hadde brytt
seg um han fyrr, naar ho var so reint paa Livet
for han no, og snart hadde Byen funnet upp
ei heil Soga — fleire Sogur, som vart spunne
ihop og vaks og vaks — um denne fine, under-
lege Frua. Men Gunhild visste ingenting um
det; ho gjekk kvar Dag sin visse Gang til Mor
Judith, spurde etter Guten sin, fekk Mor Judith
til aa fortelja um Guten sin, og so gjekk ho
heim att og tenkte paa Guten sin — og paa si
forskræmelege Synd. Men um Nætterne drøymde
ho um den gamle Kyrkja og om Bladet med
Blodskrifti. —

I 17 lange Aar hadde ho gjort alt det ho
kunde for aa døyva ned desse fæle Minne og
for aa gløyma baade Guten sin og Ugjerningen
og seg sjølv. I tie Aar fekk ho det til; for ho
kom uppi so mangt nytt, og ho hadde ein fast
Vilje, daa ho var nøydd til aa vilja . .. det
gjekk i tie Aar, og det gjekk i tolv; ho forstod

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free