- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
245

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. 245

som fyrr, og var likso glad, og likso fornøgd;
der var ikkje nokot i Vegen. Ho var ikkje
rædd Folkesnakket eingong. Det saag beint
fram ut til, at ho ikkje visste av, at ho gjorde
nokot galet.

Jens Carlstad forstod ikkje dette og fann
det litt uhyggjelegt. At Folk gjorde Synd, det
fekk so vera; Syndarar var me no; men gjera
Synd utan vondt Samvit, det gjekk ikkje an.
So gav han seg til aa snakka Moral for Anne
Malene. Han minte henne um Bygdi, um Byg-
desnakket, kva Folk vilde segja um slik ein Ting
som at dei tvo var Venner. Anne Malene
meinte ho skulde narra baade Bygdi og Bygde-
snakket; ho gjorde som ho vilde, ho; og det,
som ingen visste, kom ingen ved! Med Laatt
og Gleda «fortalde ho han, kor god ho var til
aa ljuga, og kva ho hadde funnet paa til aa slaa
i dei gamle for aa kunna koma her ut, og dei
Lygnerne ho hadde sett i han Per; for Per hadde
alt sine Mistankar! Det var ikkje so greidt aa
vera Anne Malene helder, maatte han tru.

Jens Teodor Carlstad vart ille ved. Det
gjekk ikkje an dette. Gjenta var utan Samvit.
Ho hadde lært seg til aa tru, at ho kunde gjera
kva ho sjølv vilde; ho var som ein Villmann;
ho visste ikkje Skilnad paa godt og vondt. Han
maatte læra henne upp. Ho maatte forstaa,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0257.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free