- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
257

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. 257

Ja. Tønnes trudde alt dette.

»Tror du paa den Helligaand, en hellig
kristelig Kirke at være, som er hellige Men-
neskers Samfund, Syndernes Forladelse, Le-
gemets Opstandelse og efter Døden det evige
Liv?

Ja. Tønnes trudde.

Daa tilspurde Presten Tønnes: »Vil du
paa denne Tro være døbt?<

Ja. Tønnes vilde paa denne Trui vera
døypt. Og so vart han døypt. Men daa han
kjende Vatnet paa den vesle dunmjuke Skolten
sin, som ikkje hadde voret i denne kalde Verdi
meir enn 1 fjortan Dagar, daa greet han so
himmels høgt, at ein kunde tru han tregad paa,
at han hadde komet hit for aa. »beda um Daa-
pens Gaava.

Men Anne Malene totte det stod godt til.
No var alt i Orden, tenkte ho, — alt. Baade
for Veslegut og for henne. —

-— Fraa denne Tidi gjekk det godt med det
unge Hjonet i Ned-i-Garden.

I Fyrstningi hadde Anne Malene voret noko,
leid av seg, og han Per hadde havt sine Mis-
tankar. Han hadde set Postassistenten paa Vegjer
og Stigar, der den Fyren etter Pers Meining
ikkje hadde nokot aa gjera. Men so reiste
Postassistenten; og so kom Barnet. No gjeng

17

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0269.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free