- Project Runeberg -  Jesus Messias /
117

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som ventande kunde vera naar han nett var
uppstadin fraa dei daude. Det hev vori
Jesus. „Vart ikkje vaare Hjarto brennande i
oss, daa han tala til oss paa Vegen og lét
Skriftine upp for oss?“ — Dei vaagar seg til
aa fortelja det . . .

Mykje var der ikkje aa haide seg til. Men
no viser det seg, at i Grunnen hev dei alle
gjengi aa vona paa dette. Det som turvtest var
berre eit trufyllt Ord. Naar det er sagt trur
alle. Han er uppstadin! Simon Petrus
vit-nar um det med ein Eldhug so ingin kann
veraiTvil: han hev sjølv set Herren. Sogune
og Synine veks. Sveinane vert hugheile, sterke,
varme, fær ei ny, rik, glødande Tru dei fyrr
ikkje hev visst um. Sjølve Skriftine fær ny
Meining. Herrens Profetar hev set det, visst
det: han skulde døy, og han skulde stande
upp. Alle vaare Vilkaar skulde han freiste;
jamvel vaar siste Fiende skulde han vinne
paa; han maatte stande upp; han er sandeleg
uppstadin. Den som ikkje trur er blind. Den
som ikkje trur er dømd; utestengd; Anathema.
Eit nytt Krav er komi upp: Krave um Tru.
Og den fysste Trudomssetningen er fastslegin;
Grunnsteinen er lagd til det som sidan vart
Kyrkja.

Live nykveikjest. Mange Dagar er ikkje
gjengne; enno sit dei helst inne for stengde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free