- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
53

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53- BONDESTUDENTAR



der Aslak Fjordan hadde sitt Rom; „enn Don Pedro
daa? Don Pedro de Monsen, oh-oh-oh! — som skifte
Namn kvar Gong han flutte, so naar dei skulde ut med
Rekningar paa Monsen, so heitte han Larsen, og naar
Rekningane lydde paa Larsen, so heitte han Rabbestad;
og kom det Rekningar paa Rabbestad, so heitte han
Monsen att — hoh-oh-oh-oh!" Men no kom ikkje
Aslak Fjordan lenger.

Døri gjekk upp paa vid Vegg. Og inn steig, stor
og røseleg i sin lange blaae Slengfrakke, aalvorleg som
ein Senator, men med Skalken glyrande fram gjenom
graablaae kloke Augo attum Brilleglasi, og med den
høge, breide, haarsnaude Skallen liksom lysande av
Aand og Vit, — „Gammeln".

I Hælane paa seg hadde han ei Rad av Gutar som
kom for seint. Det var helst slike som høyrde med
til „Botnskrape", og som jamt var burte; men i
Latin-timane kom dei; for daa var der „saa mye Morro".
Gammeln stelte seg upp og stod og saag paa deim.
Der kom Isak Abrahamsen Opjorden i si fjørprydde
Vadmaalskufte og med eit Hovud saa urydigt som eit
Kraakereir; full hadde han vori, og vaska seg hadde
han ikkje; Bøkane sine hadde han gløymt; „gjeng’e du
reint laus du," sagde Gamlen, „liksom Øyken i Fjelle;
he!" Der kom dei tvo unge Herrarne Wall og Presler,
finstrokne og strake, med Floshattar, Lorgnettar, Sigarar,
Spaserstokkar; dei letta fjongt paa Hatten for „Rektor",
gjorde eit Byks burtyvi Pultane og sette seg paa sine
Plassir med dundrande Applomb. „Ha, ha, ha!" sagde
Gamlen. Der kom Lars Risvold, eit herlegt
Stein-brjotar-Emne, med ein Rygg som ei Laavedør og
Armar som Eik, firkanta og svær, trufast som ein
Hoggestabbe; til Slutt Bernt Bruvik, lysande av Saapevask,
slettkjembd og pynteleg, aalvorsam og truverdig; han
bøygde seg fint for Gamlen, men skyna snart, at han
enno var for tidleg ute.

For no gjekk Gammeln burtaat Døri og vreid ho i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free