- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
87

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

87

kom seg av, at Kvinna hadde mindre Daning enn me;
for visste ho lite meir, so vilde ho forstaa, at det var
ikkje sant det med den Maten. For det v a r ikkje sant;
han hadde mang ein Gong livt siné beste Stundir dei
Dagane naar han ikkje hadde fengi Middagsmat. Dette
Matstræve som var so uppe no, det tyngde ned heile
Live vaart; ja var det ikkje denne Matmagti og dette
Guanokratie, som me laut slaast med i sjølve Politiken?
Alt gjekk ut um Maten; den var beste Mannen som
kunde skaffe mest Guano. Heile Embættsverke vart
meir og meir slikt eit Guanobruk, der det ikkje spurdest
um Aand og Tanke, men um aa tena godt, og gjera
Pengar utav Kunskapen sin, liksom Per Degn gjorde
Mynt av den Latinen som han elles ikkje kunde. Sjølve
Studie vart eit Handverk; det galdt aa „koma i Veg".
Herregud, liva maatte me; han var jamvel sjølv
Fesjaa-Diktar; men det var fælt aa høyre lærde Folk tala um
all denne Maten. Dei brydde seg Fanden um Folk
og Land; dei tok sitt Yrkje som ein annan Handel;
i Staden for aa vera Folkeførarar klippte dei Navlestrengen
av millom Folke og seg, stengde seg inne i sine
Kantor-baasar og vart Byrokrati. Og so kom heile Rikslive
inn i den same Aandløysa. Det vart denne utvertes
Nytten, som ein kann taka paa med Nevane; desse
„materielle Fremskridt" med Jarnvegar og Nautemøte;
heile denne „Læstedrægtigheit", som ein Skipper kalla
vaart sanne nasjonale; kort, det vart dette engelske
Stell med Kjøtmaskinar og Undervurdering av det
ideelle. Det gjekk so vidt, at dei ikkje lenger lika
framifraa gode Hovud i Riksverke; desse „Helvites
Genier" gjorde berre Ugagn.

No lagde ein av dei andre seg inn i Samrøda —
Daniel lika elles ikkje dei Karane; dei saag so høgvise
og aandsaristokratiske ut —: „naa," sagde Mannen;
„dei turkar no meir og meir inn og, dei gamle ægte
Byrokratar. Daa er det annan Merg i desse breidvaksne,
kjakesterke Bondegutane ..."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free