- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
110

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110-

BONDESTUDENTAR

tok det andre; og for kvart Vers vart dei gladare og
meir uppglødde. Daa dei sistpaa med sterke Røystir
hadde svori:

„Ogsaa vi, naar det blir krævet,

for dets Fred slaar Leir!"

klinka Haugum paa Glase og bar fram i stilslege Ord
ei Skaal for Fedralande. Han hadde ikkje mykje aa
segja, og det vart ingin Tale; men det var so godt
meint. Der var stilt i Lage med’ den Skaali vart drukki.

No fann Gregus Johnsen at hans Tid var komi; han
spurde blidslegt, um Herrane hadde lesi det siste Dikte
av Bjørnson. „Ja," svara Ortvedt snøgt; men Daniel
var truskyldig og sagde Nei; og so gav Gregus seg
til aa segja fram Dikte. Han deklamera stridt; og det
vart ikkje mykje Klapping. Men Haugum reis upp og
heldt ei Tale for Bjørnson som vekte slikt Samtykke,
at Gregus prøvde seg med ei Tale til um det Emne.
Av den Tala tok Hærland seg Tilføre til aa taka paa
„Skandinavismen" ; Haugum lagde imot; men det viste
seg snart at dei i Grunnen var samde. Og no var
dei komne so langt med Toddyen, at dei tok til aa
blidkast; og Lage skilde seg sund. Ortvedt fortalde
Aslak um eit Fyllelag som hadde enda med at Verten
skaut etter Gjestine med Revolver; Haugum og
Hærland dryfte Riksstell; Gregus haka seg fast i Daniel
og greidde ut um si Vanheppe til Eksamen. Han
hadde vori uppe tvo Gongir; men det Daniel maatte
vita var, at han ikkje var skapt til Eksamenshest. Han
var skapt til noko anna, noko som han for sin Part
trudde var høgare. Han visste ikkje um Herr Braut
kunde vera med han paa, at Poesien var det høgste i
Live . . . „jau, jau", ropa Daniel; „Poesien, — jau;
det er just mi Meining og; der er ingen Ting, som —!"

Gregus var glad yvi aa høyre det. Der var so mange
Filistrar no um Dagen, og det endaa millom Studentane,
Filistrar vilde han segja, som ikkje hadde Syn for dette,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free