- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
126

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126-

BONDESTUDENTAR

VIII

Ved Billetgluggen paa Dampen stod Daniel og fraus
og veksla sin siste Dalar. Han var blaa um Nebben
og tung i Hovude. Og av Tankar hadde han berre ein:
at ein fekk liva so lengi ein kunde.

Som han skulde inn i Matsalen, kom Jens Rud.
Han var nærsynt og kjende ikkje Daniel med same;
denne vart bljug og vilde helst sleppe ifraa han. Men
so helsa Rud og spurde kor det stod til. Aa Takk.

Dei kom inn og til Bords; Rud tok i 01, og Daniel
kom seg. Fraa Hirsch kunde Rud helse; det var slutt
med Staake der uppe no, so lengi det kunde vara; Bisp
og Departement hadde fengi i Stand ei Semje; og den
stod vel ei Stund. Men Pietistane var ikkje aa lite paa.
Dei kunde tala søtt um Fred og Broderkjærleik; men
dei var som Svartfod-Indianar: laag paa Lur langs Vegar
og Stigar og tok Skalpen av sin kjære kvite Bror so
snart dei saag seg Kans til det. „Ja, det er visst sant,
det," sagde Daniel.

„Ja; slikt ligg me og slaast um her heime," heldt Rud
fram, „Daapsformularar og gamle Talemaatar! Ut-i den
store Verdi, der hev Folk anna aa tenkje paa. Hev
De lesi den siste Tale av Kastelar?" — Nei, Daniel
hadde ikkje det. „Ja, den maa De lesa. Det er ein
Stormann, den Kastelar." — „Det er visst det?" —
„Ein Stormann!"

Sidan fortalde Rud um dei politiske Tilstand i
Frankrike. „Det er greidt at all Ungdom heretter maa vera
republikansk," slutta han. Daniel kunde ikkje finne
noko aa segja imot dette, og so svara han, at det var
rimelegt. „Er De Republikanar?" spurde Rud
tankelaust. „Aa ... i Prinsipe maa eg segja —; elles hev
eg ikkje tenkt so mykje yvi det." — „Nei," sagde Rud
med sin klaare, fine Smil; „ein vert Fristatsmann i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free