- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
144

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

144-

BONDESTUDENTAR

Hunden, som dillar med Rova; dei sat og ynskte Fyren
til Bloksberg og vart meir og meir tagalle.

Daniel saag, kor lite dei brydde seg um det han
sagde; og etterkvart som Øle seig av han, vart han arm
og faamælt som fyrr. Han sat og liksom seig ihop paa
Stolen; Mæle vart veikt og sviktande. Mindre og mindre
Mod fekk han til aa spyrja um Pengar; men . . . skulde
det ikkje lata seg gjera aa setja seg til aa vente til
Kveldsmaten kom? Daa kunde dei ikkje for Skam Skuld
anna enn beda han med seg . . .

Ole Bentsen og Peter Dirk sat og gjorde Augo til
kvarandre. So reiste Peter seg upp og saag paa Klokka.
„Kor mange er ho?" spurde Ole Bentsen. „Halvseks,"
svara denne. „Aa, so mange?" sagde Ole; „ja daa fær
eg nok til aa lesa." „Ja, enn eg daa?" sagde Peter Dirk.
Daniel forstod. Han vart myrkeraud i Andlite og stod upp.
„Ja ... lid det so langt, so ... fær nok eg og ... heim og
lesa," sagde han. „Aa ja, det er lang Veg," meinte
Ole Bentsen. „Ja." Daniel stod og vreid seg; skulde
han vaage det? Aa ja; han fekk ikkje meir enn nei . .
kunde ikkje gaa heimatt med tome Hendar; hastande,
snaavande lagde han i Veg: „eg hev langt heim, ja; og
so skulde eg dessutan heilt upp i Professorbyen . . .
eg hev ein Kjenning der som eg skulde hava nokre
Pengar av; men han var ikkje heime i Dag; og no
maa eg —. Men seg meg . . . det er lang Veg, og
myrkt, og stygt Føre ... De skulde ikkje kunna hjelpe
em Kammerat med eit Par Mark til i Morgo, De?"
Han stod og fingra og snudde paa Luva si og saag ut
som ein Tjuv. „M—nei," sagde Ole Bentsen stilt og
blidt; „sandeleg um eg hev so mykje. Eg hev venta
Pengar no i fleire Dagar; men eg forstend ikkje, kva
dei tenkjer paa der heime"; og til Trygd for sidan lagde
han til: „eg hev sandeleg sett meg i so mykje Skuld
no, at naar eg fær Pengar, so gjeng dei med same.
Men, korleis er det med deg, Peter? Hev du noko?"
Peter Dirk sette upp eit skjemtefullt Andlit, drog fram

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free