- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
207

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

207

hadde Preste-Embætte aa styre; og no, daa Verfar hans
var daain, fekk han Raad til aa vaage eit slikt Tiltak.
Fyrst maatte han ut av Lande eit Aars Tid og kvile
og samle Kunskap; men so skulde Tanken i Verk.
Han spurde Daniel, um ikkje han vilde vera med paa
dette.

„Det vert ikkje stor Løn, du fær; men det vert so
mykje at du klarer deg paa Lands Vilkaar; og naar
ein hev so ein klarar seg, so skal ein ikkje hava meir.
Og eg veit at du hev vori uppglødd for dei
Livs-tan-kane, som dette Arbeide er bygt paa; og du veit, at
Livsmaale for Mannen, det er aa hava noko stort aa
arbeide og stride fyri; du vil og aldri trega paa, at du
hev ofra deg til so fager ei Aands-Teneste som dette
er. Eg vil ikkje yvitelja deg; kvar fær taka det
Arbeide han kjenner seg kalla til; der vil han best finne
sitt Livsmaal. Men eg vil beda deg tenkje yvi, um du
er stød paa at du kjenner ditt Kall retteleg. Du hev
tenkt paa aa vera Prest; er du stød paa, at du vil magte
denne tunge Gjerning i Tidir som desse? Eller
kann-hende Vitskapen dreg deg? Tenk i alle Tilfelle vel
yvi det, at ingin Ting er verre enn aa „tage Feil af
sin Bestemmelse". Breve slutta med ei hjarteleg
Helsing; Daniel drog Anden djupt og tenkte med Glede
og halvt med Spott: han veit ikkje noko, han heller.

Det fyrste av Breve, det um Bylive, lagde Daniel
lite Merke til. Det kunde vera sant paa ein Maate,
men . . . det galdt mest um aa finne eit Svar paa dette
um Folkehøgskulen.

Han hadde visst ikkje Kall til aa vera Høgskulelærar.
Han hadde ingin rett Hug. Gaa der uppe millom
Bøn-dane og læra deim Livsvisdom, det kunne vera fagert
og godt . . . endaa Bonden kannhende trong likso
mykje til annan Slags Lærdom. Vitskapsmann? Nei
det hadde han aldri tenkt paa. Han brydde seg ikkje
større um Vitskapen. Han skyna i Grunnen ikkje rett
kva den var god for, Sanningi hadde me. Alt som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0217.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free