- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
240

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

240

MANNFOLK

um dei fæle Mannfolk. Han skulde jagu segja henne
si Meining ein god Dag; den snilde Frøken Dagmar
skulde faa vita kva han tenkte um slikt Humbug; sidan
kunde ho gjera som ho vilde for honom; han var ikkje
gift med henne.

Bjølsvik var i Ulag i Dag, urven og leid,
„anden-dagsnervøs"; og det var daa som berre Dævelen, at
det ikkje skulde vera Folk aa finne paa denne Sjappa,
so mykje ein kunde faa seg ein ærleg Buttel 01. For
01 maatte han ha i Kveld, og Folk maatte han finne;
„Samvittiheda" var fælt vond etter den Hikstoria i
Gaarkveld, og tyrst var han som den rike Mannen
i Helvite.

Han dreiv ut gjenom Restaurasjonen endaa ein Gong
og saag etter; men nei. Ikkje ein Kjeft. Der sat
Skræddarar og Skomakarar i bataljonsvis, og disputera
um Statsraadsak og Parlamentarisme som dei aldri i
sine Dagar skulde ha gjort anna; men ein ærleg
Maalar-klatt, eller berre ein skarve Literat — fanst ikkje.

Bjølsvik banna den Dagen daa han vart fødd.

Han tenkte paa aa gaa sin Veg. Ein fekk sjangle
uppi „Fallgruben"; der sat dei vel, heile Hurven. Daa
dukkar med ein Gong fram or Folkestimen Maalaren
Blytt, rak og rask og nervøs, smilande under sine
Brillur og det bikende svarte Heilskjegge.

Dei tvo Bandittane stana upp og saag paa kvarandre.
Og dei smilte til kvarandre, og riste paa Hovude til
kvarandre, og drog paa Aksline. ,,Mh? mh?" sa Blytt,
„naa! Takk for igaar, for igaar!" „Takk sjøl for igaar,
du Syndens Træl," svara Bjølsvik i Bass, og dei tok
kvarandre i Framlabbane so det knaka.

Inn gjenom Restaurasjonen bar det, heilt inn i det
Rome der Disken var. „Du," sa Bjølsvik, „du kann
tru Samvittiheda har vært krakilsk i Dag, du. Jeg
maatte saagu av paa Sjappa, det første jeg gjorde i
Dagmaares, og slaa paa ’a noe 01, for aa døyve ’a
saad’n foreløbig; men der maa nok mer til!" — „Mh?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free