- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
279

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

279

blés noko; og det saag heller ufjelgt ut uppe millom
dei store upprivne Skyine.

Dei kom halande ned Bogstadvegen, nedanfor
Major-stogo, der Vinden strauk so godt yvi den vide Flata.
Det var strævalt aa koma fram; Vinden blés Kjolane
inn millom Føtane paa deim for kvart Stig. Dei livde
Kinni sine, raude og friske som dei var, med
Muf-fur av graabrunt Pelsverk; og dei laut skrike heller
kvasst til kvarandre gjenom Blaastren.

Dagmar hadde skjellt svært paa Mennane i Dag.
Frida hadde fylgt med ei Stund; men so med ein Gong
hadde det komi som eit Upprørsskrik dette: heller
gifte seg med ein Vognmann.

Ja; for ved Gud, det var ingin som visste kva det
var aa liva aaleine, helst naar ein vart gamal. Ved
Gud! Frida vilde ikkje det. Dei arbeidde for at
Kvinna skulde liva for seg sjølv; og det var Frida med
paa; ho var likso varm for Kvinnesaki som fyrr; jau,
ho var! men ho vilde ikkje liva aaleine. Det vilde
vera surt aa liva paa Naade hjaa ei Syster eller ein
Bror, endaa daa kunde ein vera til Hjelp i Huse, og
vera Tante for dei smaae, og hava eit Grand Lag; men
slite all Dagen paa ein Skule, og so gaa heim og sova
paa ein Hybel, nei ved Gud! Daa vilde Frida heller —;
ja ho vilde heller . . . vera eit uskikkelegt Menneskje
og liva som —; ja; likso gjerne det! Nei; dei skulde
arbeide for at alle kunde gifte seg; det skulde dei!
For — „ja det vét du godt, søte Dagmar" —; der var
so mange Mennar som ikkje kunde gifte seg; dei hadde
ikkje Raad! Utan kanskje naar dei vart so gamle at
ingin vilde ha deim.

Daa kom Dagmar; og Dagmar var harm.

Dei vilde ikkje gifte seg, sa Dagmar. Dersom dei
vilde, so kunde dei; men dei hadde ikkje Mod! Dei
var so vigtige; dei trudde aldri at me Kvinnur kunde
hjelpe til med noko; me kunde ikkje arbeide eller tena
Pengar; nei, dei vilde ikkje bjode seg, fyrr dei var so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0289.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free