- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
312

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

312

MANNFOLK

Ja det er di Skuld, svara ho; det var du som
forførde meg. Men det skal vera gløymt; du var so
snild mot meg so. Men naar eg fyrst var forførd, so;
kvi skulde eg gaa og træle og slite for Gud og
inginting, naar alle som kjende meg visste at eg var ei
Hore likevel?

— So det visste dei?

— Ja dei saag det paa meg vel. Eg var for godt
klædd og saag for godt ut. Men eg skal vel finne meg
ein Mann likevel til Slutt; det er ikkje so faarlegt.
„Her borte bor jeg; kom og bli med opp vel!" —

— Georg trudde ikkje paa dei folkelege heller lenger.
Dei var bundne paa sin Maate, verre enn Damune paa sin.

Det beste vart vel aa leggje seg etter dei gifte. Dei
var modigare dei, av di dei visste meir; og so hadde
dei ikkje so mykje aa vaage. Den som var gift, ho
var i Hamn.

Etter hin Kvelden i Parken hadde han ikkje set Nina
oftare enn han nettupp var nøydd til for Folks Skuld.
No dreiv han der upp nokre Gongir; og ho var heller
fagrare enn fyrr, og berre Solskin.

Der uppe ein Gong saag han Julie Lindner; ho fylgde
Fru Hauge paa eit Innstig. Det var ein brun, rar
Unge i Femtanaarsalderen; han lagde Merke til henne
av di ho heile Tidi sat og saag paa han. Sistpaa kom
han etter at Gjentungen var vakker.

Han fekk Hug til aa sjaa dette Barne vekse upp.
Gud veit kva som kunde bu i henne. Og sidan gjekk han
til Fru Hauge oftare enn til Nina Bøckmann.

Julie var fraa ein av Byane ut i Fjorden, Dotter av
ein Hotelvert, ein Tysker. Denne hadde funni ut at
Dotter hans skulde til Teatre; og so vart ho send til
Kristiania daa ho var tolv Aar.

Ho kom til Fru Hauge, som ein Gong i sine unge
Dagar hadde vori so langt paa Veg at ho skulde
debutere. Men det var Madam Lindner som fekk Julie dit;
for Madam Lindner kjende Fru Hauge.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0322.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free