- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
337

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

337

ho, at i desse Dagane var ho fri. Tenk! ingin yvi
seg. Ingin til aa grine, um ho kom seint heim; ingin
til aa frette og spyrja kvar ho hadde vori. Det var
uvisst um ho vart so fri oftare; ho slog seg vill og
gjekk.

Ho var so modig den Kvelden. Det som hadde
skræmt henne fyrr i Dag trudde ho ikkje var noko.
Slikt hadde ho kjent fyrr. Og so hadde Studenten
vori her og sagt at ho kunde faa Plass hjaa Georg
Jonathan; det tok ho som eit godt Merke i alle Maatar.
Det kunde ikkje vera Meiningi at ho skulde uti noko
vondt, naar det jamna seg so fint for henne i det
Stykke.

Og so godt som det var aa koma ut. Dagen hadde
vori klaar og mild, med tinande Snø under sterk Sol,
og med fri, høg Himil; no svala det paa, fraus litegrand;
og Lufti var døkk med vaknande Stjernur. Ho lo høgt
der ho gjekk. Tanken paa at ho var fri, at ho ingin
hadde aa svara fyri, gjekk henne til Hovude; i Kveld
skulde ho kunna vera med paa allslags Galinskap,
tenkte ho.

Gatelyktine stod i skeive Radir og brann, faae og
bleike, stridande med Myrkre. Paa Karl Johan gjekk
„den ville Jagt" sin Gang. Helene totte alt var Moro.

Ho rødde og lo, so Folk saag paa deim; eit Par
Fyrar kom og nappa deim i Armane: „bli-med da,
Gjenter!" Daa lo ho endaa verre. Josefine, som elles
ikkje var bljug av seg, laut segja henne, at naar ein
var ute paa desse Tidir, so var det best aa agte seg
eit Grand. —

— Nisseball-Salen var som ein stor Laave, med fint,
sletthyvla Dansegolv. I den eine Enden var der eit
noko høgare Rom for deim som vilde drikke; i den
andre Enden eit Trev for Musiken. Den spela so det
lyfte i Helene; ho liksom smaadansa der ho stod;
Josefine maatte paa nytt gje henne ei Minning.
„Aldri hadde je tenkt du var so vill, du Helene," sa ho.

22 — Garborg. I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0347.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free