- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
389

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

389

Drykk, og fann paa alt som ho tenkte han kunde like.
Han var grettin for det meste naar ho vilde gjera det
vel: „jeg er jo ikke syk jeg!" grylte han, eller: „hva
ska nu egentlig alt dette nytte." Naar han hadde sine
vonde Ridir og gjekk og tagde eller rødde med seg
sjølv, var den gamle Kona paa sitt Liv; ho var nok
rædd han skulde gaa av og gjera seg noko. Men det
maatte ingin forstaa.

Ein kunde segja at det var Stoguklokka som førde
Orde inne; ute paa Tune var det Hønsi. Naar Mette,
Husmannsgjenta, var paa Garden, kunde ein stundom
høyre Laatt her eller der.

Laurits arbeidde med Emil, som var lite kvik av seg,
og med Bøkane som fall keide her uppe, og vantreivst
i all denne Ro. Daa han høyrde at Klokkaren var
Vinstremann, tok han til aa søkje honom.
Prestefolke lika det ikkje, det saag han; men det fekk vera
det same; og Morbror Broch kunde ha godt av aa
høyre slikt; det vilde korte paa „Forvisningstiden".

Kvar Torsdag fekk han Brev fraa si Festemøy,
Dagmar; det var hans store Trøyst. Saart og sutefullt
sakna han henne; det var so det sleit i han av Lengt;
men Brevi døyvde og svala, og um Torsdagen var
Guten glad. Tanken um Helene var det einaste som
gjorde denne Gleda uheil; og Dagmar sjølv minte han
um Syndi hans. Ho skreiv um, at Mennane sette
Kvinna laagt, og at dei truddest hava Rett til alt imot
henne. Eit Krav um at me skulde vera ærlege og
sanne mot kvarandre hadde ho uppe so jamt, at han
var rædd ho kunde ha høyrt noko. Men det var nok
berre Bøkar som stod henne for Hovude enno; det
kom ut so mykje rart no; og i alt skulde ho fylgje med.

Ho skreiv svært aalvorsamt; Skjemt og Elskhugsdrøs
hadde ho lite av. Men ho hadde sagt at det skulde
vera so. Naar ein trulova seg, var det ikkje for Moro;
det var for aa hava ein til aa samtala med um sine
Livsspursmaal. „Gaa op i det at være forlovet" vilde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0399.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free