- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
10

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fram det ho vilde; ho visste kva Kant ho skulde taka
Gamlen fraa. «Du ser det er Hovud paa Guten,» sagde
ho; «og Hug til Boki hev han au; kven veit, kva det
kann verta av han, dersom han fær Lærdom?» ■— «Aa,
han fær vel halde seg til den Stand og Stilling, som
Vaarherre hev sett han i,» svara Ole Johannes tvert.
«Ja ja; men me hev no set so mangt av det Slage,»
svara Maren. «Sjaa no berre som Son hans Jo Kleppe,
som vart Prest! — Ja, me skal no ikkje tenkja so høgt,
veit du; men det er daa ingin som veit noko.» — «Du
snakkar som du hev Vit til,» meinte Ole Johannes. «Men
naar Guten plent vil paa Skulen, so fær han vel gaa
daa, veit eg!» — Glad var Mari, og endaa gladare
Daniel.

Paa Skulen var godt aa vera. Folk hadde det
reins-legt og koselegt inne naar Skulen var paa Garden; og
Skulemeistaren var snild; han slog ikkje andre enn deim
som gjorde Fantestykkje; og det gjorde Daniel aldri.
Og ikkje Judit heller. Det maatte vera gildt aa vera
Skulemeistar. Her kunde han gaa inne all Dagen turr
og varm, ja sundagsklædd og fin, og vyrd som ein
framifraa Mann av alle. God Mat fekk han au; og Skulen
var daa ikkje stort anna enn ein Leik mot aa gaa og
vabbe i Moldi. Daniel tenkte tidt med seg: den som
kunde verte Skulemeistar!

Paa Skulen fekk han ein Dag ei Utgreiding um
Arbeide som han lagde Merke til. Dei hadde i Forklaaringi
um Syndefalle; og der viste det seg daa, at Arbeide var
komi av Syndi. Hadde ikkje Syndi vori, so hadde me
vori frie Arbeide. Vel hadde Adam og Eva arbeidt paa
ein maate i Paradis au; det stod at dei var sette i Edens
Hage til aa dyrke og vakte den. Men fyri Syndefalle
var Arbeide berre som ein Leik eller ei Moro; for daa
var Natturi so godviljug mot Menneskje at Arbeide

10

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free