- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
27

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og um Inga Holm, og dei tvo vart meir og meir eitt.
Han drøymde og um alt det store og gode han vilde
gjera, naar han vart Student eller Prest; av Skaldane
og av Kapellanen fekk han vita, at Ungdomsdraumane
høyrde med til det største i Live. Ingin vart ein rett
Mann som ikkje hadde drøymt i sin Ungdom! Og naar
Kapellanen fortalde Daniel um Studenterlive, sagde han
gjerne, at det som gav dette Live sin Glans og si Høgd,
det var dei ungdomsdjerve Draumane. Til Studenterlive
høyrde Glede, Song, frisk Skjemt, god Kammeratskap;
men kvar Student som der var Mannsemne i, bar i
Løyndom paa fagre Draumar som gav Gleda Aalvor og Leiken
Meining.

— So drøymde Daniel, og trudde han var eit
Mannsemne av di han drøymde; det gjekk heller som det
kunde med Lesehugen. Men livde han høgt i Draumane
og i dei ljose Lyftingsstundine hjaa Kapellanen, so totte
han det vart meir og meir stridt aa halde ut heime.

Det var so trongt og so smaatt der. So uhyggjelegt
og so aandlaust. Alt gjekk ut um den stakkars Maten.
Og ufjelgt var der; ikke Greide paa nokon Ting. Dei
heldt ikkje skikkeleg reint dessmeir; og Glase kom mest
aldri upp, so Lufti var mang ein Gong som ho kunde.
Ikkje seg sjølve heller brydde dei seg um aa halde reine;
vaska dei seg kvar Sundag var det godt. Ein Tanke
utanum det raae Matstræv fanst ikkje, naar ein tok ifraa
det gudelege. Menneskjeliv hadde dei ingin Draum um.
Og her gjekk han so aaleine. Han hadde ingin aa tala
med. Den einaste skulde vera Judit; men kva forstod
vel ho. Og Lias, det var ein aandlaus Slamp, som gav
meir for ei Skjeppe Jordeple enn for all hans Aand og
Skaldskap. Her var i Grunnen ikkje livande for Daniel.

Vilde han segja noko um dette Vanstelle, so gjorde
dei Narr av han helst. Stundom vart Far hans vond,

27

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free