- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
43

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lesingi meir og meir; fekk taka det att naar han kom
til «Repetitionen». Dette greidde seg paa ei Vis. Men
han vart gangande med uheilt Samvit og høyrde liksom
ikkje heilt med, totte han.

Den han hadde aa halde seg til, og jamt søkte i sine
Fristundir, var Kristian Bliland. Denne rødde ikkje
stort; men han hadde Bøkar som han las upp av, mest
«Folkevennen» ved Ole Vig og anna sovori. Her fann
Daniel att mykje av dei Tankane han hadde lært hjaa
Kapellanen. Og det var som han trudde endaa meir paa
desse Tankane no, daa han saag at det var fleire um
deim, og at dei var aa lesa paa Prent.

Sidan kom han ofte fram med Ting som Kapellanen
hadde sagt, og som han skyna Kristian vilde like. Det
var ikkje alltid han sagde kvar han hadde slikt ifraa;
stundom visste han det vel ikkje klaart sjølv.

Det som Daniel av eigi hovud kunde finne ut vaaga
han seg sjeldan fram med; naar han skulde segja det
til Kristian, totte han for det meste det var faavist.
Men stundom sette han det fram liksom paa Skjemt,
so han kunde læ det burt, um det ikkje vart godkjent;
hende det daa at det greidde seg, vart Daniel kry og
totte sidan sjølv, at det var godt sagt.

Hadde han ikkje havt Kristian i denne Tid, so hadde
han visst gløymt alle sine gamle Draumar; Skulelufti
var ikkje helsesam for deim. Det var eit underlegt
Hol, denne Latinskulen. Alle Gutane var so vituge og
so vaksne; dei kunde flire og læ aat all Ting. Men dei
hadde visst aldri drøymt um anna enn Karakterar. Dei
visste at i denne Verdi galdt det aa klara seg; og
etter den Visdomen livde dei; Kunskapen i seg sjølv
vedkom deim liksom ikkje. Det var berre Spursmaal
um kva som var lett eller rangt aa klara seg i; og det
kvitta deim eitt, um dei klara seg paa ærleg Maate

43

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free