- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
79

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

men daa fekk Vaarherre hjelpe lenger. For fraa Hausten
av skulde Finsen halde ein Gut paa Missjonsskulen; og
meir magta ikkje han.

Daniel vart kald. Det syntest vilja laga seg so, at
naar han endeleg ein Gong naadde so langt at han vart
Student, so skulde han paa nytt Lag koma paa berran
Botn.

V.

«En! to! tre! Pu—ns!» — «En! to! tre! Pu–ns!»

Dei dundra Takt med Hendar og Føtar, og friske unge
Røystir ropa Orde ut av all si Kraft; det steig som
Storm og døyvde med Velde det Surr og det Staak som
fyllte Halli som eit urolegt Hav; Russelagskvelden var
komin.

Fraa ende til annan var Golve sett med Smaabord og
Krakkar; og kvart Bord var sett med «Russ», var svart
av Russ. Russ og> Ikkje-Russ, akademiske Borgaremne
og Borgarar. Men i Kveld var dei Russ alle, unge og
glade, unge og øre, tyrste paa akademisk Fridom og
Puns.

Det var ikkje Russelag meir enn ein Gong um Aare,
og det var ikkje Ungdom i Byen utan det var Russelag.
Men daa vart alt ungt som akademiskt var. Vilde
Russen drikke Farvel-Skaal med sin grønaste Ungdom og
lyftast inn i det vaksne Samfund med Puns og Song,
so vilde dei vaksne og gamle lyftast med Puns og Song
inn i Ungdomen att, inn i den sæle Tidi daa det hadde
vori Inngangen til Live aa faa drikke Farvel-Skaal med
sin grønaste Ungdom.

Salen var fyllt. Enno gjekk det ein og annan
Sein-komingen og trødde ikring millom Frakkeskaut og Føtar
og søkte seg Sæte; men dei fleste var komne til Ro.
Ved Bordi eller paa Bordi. Der sat dei no og venta

79

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free