- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
127

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han hadde Kjenningar; men dei turvte sine Skillingar
sjølve. Haugum skulde heim til Nyaar og taka ein
Skule-post; Ortvedt skulde upp paa Lande og vera Huslærar;
Aslak Fjordan hadde nok alt sliti sterkt paa Bankboki
si, og Hærland og Sven Dufva — livde paa Laan som
dei fleste andre. Dessutan heldt Kjenningane seg meir
ifraa han no. Daniel tok til aa sjaa soleis ut, at dei
alltid var rædde han kunde vilja laane Pengar.

Han tenkte ikkje paa aa vera fin; dei Draumane
hadde han lagt til Sides for det fyrste. Kisteklædi sine
maatte han spara so lengi han kunde; og med
Kvardags-klædi var det heller skralt. Trøya hadde skift Litir, so
ho var midt millom flaskegrøn og oskegul, og ho hekk i
Posar um han som ein Sekk; Vesten knappa han att heilt
upp aat Halsen til aa løyne Skjorta, som sjeldan var i
Vask, av di Vask kosta Mynt; og um Halsen hadde han
ein Papirsnipp som ikkje vart bytt ofte. Haare fekk
vekse som det vilde sjølv; og raude lange Skjeggflisir
grodde paa Holta etter sin eigen Tilhug. Men ned-etter
Føtane laag Broki i store Kne, og upptafsa og fæl
ut-yvi dei skeive, sprukne Styvlane. Han trøysta seg med,
at no aar Vinteren kom, kunde han løyne det verste
av Armodsdomen med Vinterfrakken.

Toddykveldane kunde han ikkje vera med paa lenger,
av di han ikkje hadde Raad til aa vera Vert sjølv nokon
Gong. Dessutan vart han so snart full no, og so reint
ille full. Og naar han vart full, tøvde han, so han vart
reint brysam. Han vart meir og meir aaleine, og lagde
seg meir og meir i Hide; det ideale Studenterliv fekk
han drygje med no, til dess han fekk Skillingar.

Kvar Dag gjekk han og venta paa Brev fraa Lias um
Malmgruvune. Men det drog ut. Og Daniel kunde snart
paa Dagen rekna ut naar han vilde vera skillinglaus.

Husleiga for den siste Maanaden hadde han alt vori
kravd for. Den Gongen hadde han sloppi fraa det paa

127

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free