- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
130

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

freiste her; best aa gaa att. Men so kom det ein litin
Gut. «Ska Di snakke mæ no’n?» spurde han rolegt og
trygt; Daniel vart bljug for den vesle Karen. «Ja...
det var . . . Redaktøren.» «Vers’go! inn der!» sagde
Guten, peika og gjekk. Daniel inn gjenom ein Gang;
stilt, varlegt; den fjorde Statsmagt, den fjorde
Statsmagt! Rome kvitna av Papir; Lufti var full av
Papir-Rassl som av ei kvass Kviskring.

Stilt og høgtidsleg banka Daniel paa Døri. Ingin
svara. Ein Gong til; noko fastare; — «kämm-inn!» sagde
eit tvert Mæle liksom langt inne or ein Kjellar. Daniel
lét varleg upp og steig inn, audmjukt som skulde han
fram for Kongen.

Der var ingin inne. Rome var ikkje stort, heller ikkje
ljost. Men stygt var det, og ustelt. Midt paa Golve stod
eit Bord fullt av Papir og gamle Avisur; for Bordenden
stod ei stor Kipe eller Korg full av same Slage; Bøkar
og Pakkur laag og slong burtetter Golve; ei stor
Bokhylle lengst inne stod halv-tom og glein og gapte yvi
nokre Aargangar av Bondevennen og Storthingstidende;
eit Par Pinnestolar stod og dreiv her og kvar, der dei
sist var sette. Men i eit lite Kot innanfyri saag Daniel
ein graa Rygg, som sat og lutte framyvi ein Pult; skulde
det vera Bondevennen ?

Den graae Ryggen vreid seg rundt; Daniel fekk sjaa
eit bleikt, surøygt Andlit med tunt, raudt Skjegg kring
tunge, posne Kjakar; Munnen var breid og keid, men
sagde ingenting. Daniel vart ille til Mods. «Er det...
Redaktøren ?» spurde han; skulde vel sagt «Herr
Redaktøren», men fekk det ikkje til. «Han kommer straks,»
var Svare; «sitt ned!» Dermed snudde Andlite seg burt
att; og Daniel saag paa nytt ein graa Rygg som sat og
lutte framyvi ein Pult.

Daniel gav seg i Kast med den eine Pinnestolen og

130

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free