- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
132

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

her, og visst lite aa vente. Han vaaga seg burti Døri
og spurde vyrdsamt, um det var so at Redaktøren ikkje
kom fyrr i Morgo? — «Kommer straks,» knurra den
graae Ryggen. Var det ellers noko han kunde greide ?
— Mja — nei, det var... Vilde han kanskje hava
Arbeid i Blade? Var han burtvist fra Universitete
kann-hende ? — Nei, Daniel var daa ikkje det. — «Naa, godt.
Alle som stryk til Artium eller vert burtviste fraa
Skulen kjem gjerne her og vil vera Bladmennar; me kunde
forsyne heile Europia med slike Bladmennar; — so
der bør De ikkje konkurrere. Godt, der er’n.»

Daniel vende seg bleik og budde seg til aa helse. Inn
gjenom Døri snudde seg ein diger Kropp i ein diger
Vinterkjole; paa Hovude hadde han Skinnluve og for
Augo eit par store Hornbrillur. Daniel bøygde seg Gong
etter Gong. Den Gamle svara ikkje; gjekk burt i ei
Kraa og tok av seg Kalosjune og Overfrakken. So kom
han stigande med gamle, varlege Stig burtimot der
Daniel stod; helsa ikkje; sagde inginting; stirde stivt
gjenom Brilleglasi.

Daniel sagde i snaavande Hast kva det var han vilde;
Gamlingen riste paa Hovude og svara nei. Nei, han
visste inginting. Han hadde hjelpt ein og annan i Veg
fyrr... «sitt ned, Gutten min!» — Gamlingen sette seg
sjølv —; soleis var der ein, som heitte... som heitte
so mykje som... Jakob, nei, Peder, nei, det var Jakob!
nei, det var nok Peder, Peder, — Peder Monsen...
«Kjenner De Peder Monsen?» — Nei. Daniel gjorde
ikkje det. — «Naah. Ja; det var elles ein Gut som
forstod aa snu seg; han fekk Død og Pine laane 20 Dalar
av meg, som han skulde betala, naar Far hans fekk
selt ei stor Malmgruve han hadde funni...» Og Daniel
fekk ei lang Sogu um denne Peder Monsen og hans
Gaavur til aa snu seg; den gamle lo og kom i godt Lag.

132

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free