- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
171

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ægte Bondegut, Far! so still og trufast... ein sann
Israelit, som der ikkje er Svik i. Eg er so glad i slike
Gutar; eg er sjølv ein Bonde i Grunnen; og Bonden,
ser du, Bonden, det er Mergen ... «Hvad Bondens Bund
kan bære, skjønt sjelden der blev saad, det er vor
Folkeære og har vor Fremtid spaad!» seg jer Diktaren. — Ja,
lat oss takke Gud for det. — Var det noko anna eg
kunde hjelpe deg med? — Daniel raudna og drog paa
det; «Ja —; det kunde ikkje...» «Tala fritt!» sagde
Pater. «Lat meg vera som ein Far for deg; ver ikkje
rædd. Det er ikkje noko sælare enn aa vera — liksom

— Hand for Guds hjelpande Vilje. De treng Pengar?»

— Aa, det var ... nok ikkje fritt. Pater smilte. «Nett i
Dag var her ein Mann og gav meg tie Dalar, som han
bad meg gjeva til ein trengjande Student... ja, er det
ikkje forunderlegt, korleis Han styrer alt?»

Daniel var berga.

Ja Herren vere med deg, daa, kjære Braut!» sagde
Pater til Velfar og tok han i Handi. «Han er nær deim,
som held seg nær til honom. Kom upp att um nokre
Dagar, so skal me sjaa, um han ikkje hev havt ei
Meining med, at han sende deg herupp. Vaarherre med deg.
Farvel, kjære Ven!»

Daniel gjekk. Ein ny Gjest sat i Stogo og venta,
«Goddag, Goddag, kjære Ven!» sagde Pater hjartelegt;
«Farvel, kjære Braut!» ropa han likso hjartelegt; og
Døri lét seg att etter Daniel. —

— Eit Par Dagar etter fekk han Brev fraa Jens Rud
um, at i Morgo Ettermiddag Kl. 5 skulde det vera Møte
i Kafé Nasjonal til Avtale um «Teatersaki».

«Visvas!» sagde Daniel og lagde Breve burt. Han
vilde ikkje vera med paa slikt no. Han kjende paa seg,
at Pater ikkje vilde like det; dessutan hadde han anna
aa tenkje paa no enn Teatergreidur.

171

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free