- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
185

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det maatte lata seg gjera aa tenkje baade
sjølvsten-digt og rett; og det var det Folk meinte. Men korleis
ein skulde naa fram til det ? — Han orda ein Gong
inn-paa um dette for Proprietæren. Denne svara, at det
galdt aa vilja det rette. Vilde ein finne det rette,
so fann ein det; men lét ein Tanken laupe sjølvstyrd
og var like sæl kor det bar av, so kunde ein snart
koma paa Villgras. Dette fann Daniel rimelegt; at det
var Viljen det galdt um, hadde han alltid høyrt. Men
fullklaart vart det ikkje; Tanken vilde helst gange sine
eigne Vegar den; og det var ikkje aa lite paa at Viljen
kunde halde Leidi.

Nei; tenkje sjølvstendigt var ikkje greidt. Um ein
berre vilde taka ein slik Ting som denne Republiken...
Ja; ein kunde tenkje upp Grunnar baade for og imot.
Men dersom no Grunnane for og imot var like sterke?
Eller dersom Grunnane for var sterkare enn
Grunnane imot, og so ein ikkje vilde vera Republikanar?

Ein leitte vel daa etter Motgrunnar, til dess ein fann
deim. Eller ein granska Grunnane for og fann ut, at
dei ikkje var so sterke som dei saag ut til. Kunde ein
daa segja at ein hadde tenkt sjølvstendigt yvi Fristaten ?

Men um det no skulde hende, at Fristaten var det
rette likevel ? Der var kloke Folk som trudde det. Kloke
Folk baade for og imot; og kvar hadde sine Grunnar...

Det som det galdt um var vel, kva ein skulde gaa ut
ifraa. Gjekk ein ut fraa det eine, so kom ein hit, og
gjekk ein ut fraa det andre, so kom ein dit; og den
som ikkje hadde noko aa gaa ut ifraa, han vart
gangande i Ring, som Mann i Myrkeskodd.

Som han gjekk og mynstra med dette, kom han til
aa minnast nokre Fyrilesningar han hadde høyrt paa
Universitete yvi Etik. I dei Fyrilesningane hadde
Professoren lagt ut um dei ymse Riksformine paa ein so

185

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free