- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
289

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjør?» — «Ja-ja, ja-ja; bare du ved det, saa.» Det vart
ikkje meir av det med Moralpreika. —

Nils Bugge og Jørgen Holmeland, som var
Medfilo-logar og sers Vénir av Laurits, var so skikkelege, at
Laurits ikkje med sin beste Vilje kunde faa deim til
aa taka Mistankar. Holmeland kunde ein sjeldan Gong
segja som so: «nei naa synes e’ rikti du blir saa lei i
din Mund, Laurits»; og Nils Bugge sa ein Kveld, men
berre paa Moro: «heretter skal du ikke hede vesle
Laurits, men vesle Don Juan.» Men elles tenkte dei berre
paa Filologi og Fyrilesningar, og var so keide som
synde-frie Folk jamt vilde vera, — meinte Laurits.

Naa; for honom kunde det vera det same. Han hadde
ikkje so mykje Bruk of Vénir no. Den som var aaleine
og leid av seg, so var det vondt aa vera deim forutan;
men det var merkelegt som ein vart sterk og trygg i
seg sjølv, naar ein hadde ei som heldt av ein; heldt av
ein heilt ut. Og det um det ikkje var so rart til Gjente
heller, dessmeir.

Det hende seg ein Dag, at han kom yvi Diktboki si,
«Samlede Digte af L. B. Kruse». Med ein litin Kaldflir
um Munnen slog han Hefte upp og bledde i det; mest
alle Versi hadde titlar som: «Tunge Tanker»,
«Ensomhed», «Længsel», «Paa Kirkegaarden», «Hende jeg saa».
Laurits rusla burt til Omnen og slengde Boki paa
Varmen. Og han sat paa Huk framfor Omnsdøri og saag
med letnande Hjarta paa, at hans «Samlede Digte» vart
Oske.

Nei; leben und lieben. Dersom dei gjorde det alle,
vart det visst faae som skreiv Vers. Live var det einaste
som der var Meining i. Og Live leika rundt oss paa
alle Kantar, so det berre galdt aa trive til.

Verdi var ikkje myrk for andre enn deim som stengde
seg inne. Laurits kunde ikkje lenger finne at det var

19 — Garborg I.

289

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free