- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
294

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Um nokre Dagar vart det Sem ju att; dei skulde hava
det som fyrr. Men det vart ikkje som fyrr. Ho kunde
vera so blid ho vilde, so var ikkje han den same; og det
vart verre og verre ettersom Dagane gjekk. —

— Det hende seg av eit Tilfelle i denne Tid, at
Laurits Kruse fekk sjaa att Dagmar Dyring.

Han hadde ikkje tenkt ofte paa henne sidan sist. Det
var berre vondt naar det Minne kom; og det kjendest
ut til, at Draumen um henne snart skulde vera døyvd
og drepin.

Han venta aa faa høyre at ho hadde trulova seg med
Bjølsvik eller Frigstad eller kvensomhelst. Han skulde
taka det rolegt. No visste han, at det berre hadde vori
ei Innbilling. Naar det leid so langt at han kunde tenkje
paa aa gifte seg, og det vilde vara eit Bli, — so fann
han seg vel ei som var meir etter hans Hovud enn
Dagmar Dyring.

Men so saag han henne paa Karl Johan ein Dag,
Klokka millom eitt og tvo.

Ho hadde korkje Frigstad eller Bjølsvik med seg. Ho
gjekk saman med Frida Westgaard.

Dagen etter forsømde Laurits Kruse ei Fyrilesning
millom eitt og tvo. Men ho var ikkje aa sjaa den Dagen.

Næste Gong gjekk det betre. Det var Sundag, og han
hadde Tidi for seg. Fraa tolv av gjekk han paa Karl
Johan. Klokka halv tvo raaka han Georg Jonathan;
denne gav seg dessverre i Lag med han. Han skulde ut
og vise sin nye Hatt, sa han; det var ein «Konkurshatt»,
svært engelsk av Skapelon. «Er den ikke gentil ?» spurde
han. «Det er den styggeste je har set dej med enda,»
murra Laurits. «Heh!» lo Georg og saag svært
fornøgd ut.

Dei dreiv nedetter mot Storthinge; Georg fortalde um
den nye Tenestgjenta si. Det var den verste han hadde

294

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0296.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free