- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
346

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Nord, skoddesure Nivlheimar, der kvar Mann gjekk og
øydelagde Live for seg sjølv, so andre ikkje heller skulde
faa liva.

Men dei stakk ikkje til Havs. Dei laut vera heime
og arbeide.

Ho skulde vera sjølvstendig, liksom han var
sjølvstendig. Det var det som skjemde ut dei fleste Samliv,
at for Kvinna skulde Ægteskape mest alltid vera
Næringsveg.

Ho høyrde paa hans Visdom med heilag Tru; det han
sagde var so klaart at alle maatte forstaa det. Det
kunde ikkje vara lengi fyrr me fekk sjaa den nye Verdi
han spaadde um, denne underlege Verdi, daa alle skulde
arbeide og vera like, so ingin fekk Raad til aa kaupe
den andre, og ingin hadde Naud paa aa selja seg. Og
alle skulde ha Upplysning, so dei visste at Kjærleik
høyrde med til Live so vel som Mat, og at Kjærleiken
hadde si rette Tid i dei Aari som no vart burtøydde i
Sedløyse og Sut, av di Folk ikkje hadde Raad til aa
gifte seg. —

— Det var ikkje lett aa finne eit Rom til Julie som
var som dei vilde ha det. Sistpaa fann Georg eit
noko-so-nær laglegt Rom hjaa gamle Madam Widstrup, som
budde i Møllergata.

Han kjende Madam Widstrup. Ho var ei snild
Kje-ring, ymist røynd; og ho hadde lært den Ting aa ikkje
bry seg for mykje um andre.

Ho var vestlandsk og hadde vori gift med ein Danske,
Fullmegtig i ein Bokhandel. Det var ikkje berre Rosur
ho hadde dansa paa; og so hadde ho lært seg til aa
tenkje. No var ho komi so vidt i Daning, at ho ikkje
las «Morgenposten» lenger, men «Aftenposten».

Hjaa henne kom Julie til aa trivast. Madam Widstrup
forstod kor det var med henne; og Julie hadde ein Tanke

346

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0348.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free