- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
352

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ei Stund etter fekk Julie Friarbrev fraa Carl
Petersen. Han kunde ikkje liva utan henne, skreiv han, og
han trudde ikkje paa Folkesnakk. Ho svara nei. Eit
halvt Aars Tid etter kom han med eit nytt Brev. Han
fekk same Svare, men i linnare Ord; i Grunnen kunde
ho ikkje vinne noko med aa hava han til Uvén. —

— Ho kom til Georg i Munkedamsvegen ein
Marts-kveld noko tidleg; ho hadde havt sine Mistankar um, at
det kanskje ikkje var Laurits Kruse han skulde «drikke
Toddy» med.

Men Gudskjelov; gjenom Døri, som gjekk beint fraa
Troppegongen og innpaa «Kontoret» hans, høyrde ho,
at Kvende var det daa ikkje.

Ho gjekk inn i Soverome og sette seg til aa vente.

«Hvem kan det være ?» spurde Laurits; han høyrde
det gjekk.

«Formodentlig min Frue,» svara Georg.

«Lykkelige Mann!» Laurits lyfte Glase: «hendes
Skaal!» Han var eit Grand drukkin; hadde vori
Diplomat i Kveld og gjort det godt; no var han glad, og saag
snart Botnen paa det andre Glase.

Din Lurifas, tok han i att, «Frue»! Den som visste
kven det var! Er ho vakker? Ja det segjer seg sjølv.
Naa; eg misunner deg henne eg, din Lurifas!

«Hm,» sa Georg.

Ja, eg misunner deg, sa Laurits aalvorsamt. Det er
saa faae i Verdi som er aa lite paa; dei kann sjaa ut
som Guds Englar, og naar det kjem til Stykke so er det
Affektasjon og Usanning alt ihop. Men du, du hev ei
som er di, du, ei som du kjenner og trur!

Georg sat og glodde uppi Take. «Hold dej til dine
Sypiger du,» sa han. «Det er vanskeligt med disse frie
Fruerne; Pigebarna vore duer ikke stort til slikt; og
saa blir man saa bunden.» «Bunden?» spurde Laurits.

352

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0354.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free