- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
381

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

av Borde, uppe mot Disken, sat tri unge Medisinarar
og tala um Syfilis.

Det var ein Knutson eller Knutzon, som i desse
Dagar var komin paa Gaustad; og det var vel den
Sjukdomen som hadde gjort det. Det kunde vera Dill;
Fyren hadde i seinare Tidir drukki meir enn nokon
trudde; han hadde vori Skaapdrikkar. Men verst hadde
han vori i Kvinnfolkvegen. Og det var ein avgjord Ting,
at han hadde vori sjuk den andre Gongen han var i
Hamborg.

No laag han der uppe og var Idiot. Den meste Tidi
sat han i ein Stol og stirde ut i Lufti med sanselause
Augo og sa «Graut»; «Graut, Graut.» Men stundom
var han livleg og full av Idear. Ein Fljugemaskin var
han ferdug med; no arbeidde han paa ein
«Ski-Velosi-ped»; og det skulde gaa godt alt, meinte han, dersom
berre ikkje Tidine vart for strenge. Men me kunde vente
oss noko av kvart i so Maate, trudde Fyren; for det
hadde høvt seg so ille at Vaarherre var gjengin fallit.
«Jeg saa ham selv i Natt,» hadde Galningen fortalt;
«baade ham og Sankt Peder; di kjørte inn i Helvete so
Eldmørja stod um Karjolhjulene.»

Bjølsvik var like sæl um Knutzon; og han var like
sæl um Høgre og Vinstre. Han sat og gløymde
Pjolteren og stirde paa «Fliegende» og var utanfor alt. Det
var det usæle, at han hadde set att Dagmar Dyring.
Nettupp som det verste hadde vori yvistridt, nettupp
som det hadde vori Von um at han kunde faa gløyme,
nettupp no var ho komi i Vegen for han; og no braut
alt upp att. Braut upp att med øgjelegt Velde. Han
hadde kjent det med ein Gong; det kunde ikkje nytte
aa stride imot. Han skulde ikkje bry seg um nokon
Ting lenger, ikkje um Trollkjeringar og ikkje um
Studentar, og ikkje um si eigi Armod dessmeir; der fanst

381

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0383.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free