- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
384

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ja kvi gifter Folk seg, sagde Nielsen.

Bjølsvik var i Lag til aa harske seg; han lagde i Veg
med svære Ord um alle desse «Kvinder», som lét seg
forsyrgje av Mannen sin, men gjekk og pinte Live av
han samstundes. Men Gubbevars; dei var moralske,
og d e i var ædle, og d e i var alt godt; men me —

Me var berre Toskar, meinte Nielsen.

Ja, me var Toskar. Me kunde ikkje halde oss ifraa
deim kor galne dei var. Det var det same; skulde her
vera Hyggje, so maatte me hava deim med oss. Utan
deim nytta ingin Ting. Var det Moro kanskje aa sitja
paa Bule og drikke Pjolter? Det kunde vera um Lag
som aa gaa i Helvite og reide Leir. «Bare kjedeli.»
Naar ein ver sekstan Aar kunde ein trivast i
Ungkars-lag; men naar ein vart tjuge, lengta ein etter Kvende;
og sistpaa lengta me slik, at kunde me ikkje faa
Da-mur med oss, so tok me Tævur. Jagu gjorde me det, ja.

Hm; dei var ikkje dei verste, svara Nielsen. Dei
kunde me daa snakke med; og snakke med deim um
kva som helst; og dei gjekk med paa kva som helst.
Men ei Dame, ho var ikkje med paa nokon Ting; ho
sat berre og var pen ho; og tala um Ting som ingin
brydde seg um. Otto Nielsen hermde: «nei, hvor her
er deili! nei, hvor her er nydeli! nei men se paa den
gamle Kjerringen; er hun ikke søt?»

Ja, ja, Fanden, banna Bjølsvik; det var keidt og leidt
alt. Det eine var vondt og det andre verre; han treiv
Glase og drakk; «Gud ske Lov, saa længe vi har
Brændevin!»

Inn kom Georg Jonathan; han saag trøytt ut og ropa
høgt paa Pjolter. «Aafornoe?» sa Otto Nielsen, «Di
her?» Ja, svara Georg; «nu vil je gifte mej og slaa mej
til Menigheden.»

Han sette seg til Borde; fekk Pjolteren; slog i Tridje-

384

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0386.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free