- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
441

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kvaale sat ei Stund og tagde. Han saag slakk ut;
Augo glinsa.

Me er Tümsingar alle ihop, sagde han endeleg. Ein
skulde ikkje vente til ein er halvgamall. «Ka Fa’n ska
det vera godt for?» Gifte seg strakst, og so Gjenta inn
paa Hybelen; det skulde ein gjera. Ungane skulde ein
skikke heim til ho Mor.

Det trur eg vel, sukka Laurits.

Eg veit mange som skulde ha gjort det, heldt Kvaale
fram. Men dei gjer det ikkje, ser De. Det er ikkje Raad,
det, segjer dei. Og so gjeng dei til uvedkomande.
Henne kann dei ikkje gaa til; henne kann dei berre
sovidt kysse. Og so gjeng dei til andre.

Gjeng dei til andre naar dei er forlova? spurde
Laurits letnande. Det er stygt.

Jagu er det stygt, sagde Kvaale. Nei; gifte seg; og
so Gjenta inn paa Hybelen! Det er det einaste. Eg veit
mange som skulde ha gjort det.

Han drakk.

Ja det er ei Raad som ikkje kann hjelpe meg, sagde
Laurits.

Kvaale tagde lite; so spurde han stilt og aalvorsamt:
ja De er ikkje sjuk vel?

Laurits stirde paa Medisinaren; endeleg forstod han.
«Er Di gal?» sagde han.

Eg meinte ikkje noko stygt; eg meinte Tæring, svara
Kvaale. So gav han seg til aa læ. Slike tjugeaars Gutar
som kjem og vil vera store Syndarar! spotta han.

Laurits vart raud.

De er av deim som fær det godt i denne Verdi, tok
Kvaale frami att. Døyr med Podagra og fær Liktale i
Morrablae. Fred med dit Støv; velsignet være din Aske.
Men kva segjer De um ein Fyr som eg kjenner; han
forlova seg, daa han var 23, og no er han 30; og ho er

441

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0443.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free