- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
112

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Vilde du gjerne gaa til Teatre? (Uff, no kunde
han gjerne segja: ja, saman med deg) ...

— Nei; Mor vil at eg skal studere.

— Jaso.

So vart han tagall att.

No svinga dei um Hyrna. No var dei heime um eit
lite Bil.

Fanny tok Emne upp att. Eg er kje so sæl som du
trur, sagde ho, noko trong i Strupen.

— Kva meiner du med det? spurde William med
ustødt Maal.

— Eg vil kje segja det.

— Jau seg det, Fanny. Han kviskra mest.

— Eg kann ikkje.

— Aa jau... Er du rædd meg daa ?

— Nei, men ... uff, aldri i Verdi!

— Ver kje leid no, Fanny.

— Kvifor vil du vita det daa? Kann ikkje det vera
deg det same?

— Nei; eg vil gjerne vita det.

— Kvifor det daa?

— Jau seg det.

— Kann ikkje det vera deg det same, anten eg er
sæl eller usæl daa ?

— Nei. Trur du det, so trur du gali.

— Trur eg gali? Ho fekk noko kjæle i Maale sitt.

— Ja ... Seg meg kva du meinte, Fanny.

— Nei; eg kann ikkje.

— Ja so skal aldri eg segja deg noko heller.

— Kva var det du skulde segja meg daa?

— Eg vil aldri segja det, naar du er so leid.

— Vil du segja det fyrst, so skal eg segja det sidan.

— Nei, svara han; eg torer ikkje.

112

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free