- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
191

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fanny! — Ho vakna; laag og skalv eit Bil; somna so
att; og Draumane tok til fraa nytt av. —

Det var det som var so fælslegt — det var noko ho
hadde talma seg med meir enn ein Gong fyrr —: berre
ikkje ho sjølv ög var slik ei simpel Gjente. Uff; aa
Gud...

Nei; ho var ikkje som dei rette Damune. Naar ho
tenkte attende paa Barndomen sin... og heile Tidi
upp-igjenom... Hjarta kraup saman i ho av Rædsle, og
Kaldsveitten sprang um Tunnvangane. Sant nok; Gina
og Ebba hadde og vori paa Høytreve; og dei var fine,
det visste ho daa; men dei hadde visst ikkje havt det paa
den Maaten som ho. Dei hadde berre tott at alt slikt var
fælt og stygt dei... og det hadde ho ög; men ...

Elles kunde det ikkje vera so faarlegt kva slike
Smaagjentur fann paa; men sidan! Sidan! — Aa Gud...
Hadde ho tenkt paa anna enn Gutar og Truloving,
kanskje, og Kyssar og — aah; og endaa, endaa elte det
henne; ho var ikkje yvi det; nei, ho var ikkje yvi det!
Ho skulde vera vaksi mennskje, men ho var ikkje yvi
det! Ingin i Verdi drøymde um, kva ho kunde faa for
Hugsviv i einslege Stundir; det var ikkje nemnande;
det var slikt som rette Damur ikkje visste um dessmeir,
fyrr dei var gifte; uff, uff, aa Gud, aa Gud; og so som
det kunde plaage henne, magtstela henne, taka Sans og
Vit ifraa henne, brenne henne gjenom Blode som Eld
... uff; ingi Dame hadde det so; det var simple Gjentur
som hadde det so; sjølvsagt var det i ei slik Stund at
Emilie ög hadde forset seg; aa Gud...

Kvi skulde det ikkje gaa gali med henne som med
Emilie? Ho var ög Dotter til slik ein daaleg Fyr; han
Far hadde nok ikkje vori likare enn Thomas Throndby.

Folk gjekk visst og venta paa at det skulde gaa gali
med henne. Kor ofte hadde ikkje ho Mor kalla henne

191

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free