- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
274

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Uchermann; kva kunde ikkje gode Vénir faa ut av
det? Og han som ikkje kjende henne ... Han totte vel
ho hadde stelt seg underleg i dette med honom au. Og
det hadde ho. Og kunde ikkje forklaare seg dessmeir;
sagde ho alt, so vilde han vel mistyde henne reint; aa,
det var raadlaust aa vera ’Kvinne.

Næste Gongen ho raaka han, baud han henne med
paa eit Glas Vin hjaa Bakar Schulze; og snart var den
gamle Drivingi i Gang att. Men det var ikkje som fyrr.
Han var hügfallin og lünut; kunde bli burte i heile
Vikur; til andre Tidir søkte han henne kvar Dag;
stundom var han hyggjeleg so det mest var Friing,
stundom kald og spitordig, so det kunde vera reint
vondt. Han spurde henne ut um alt gamalt; kom jamt
og samt med Undringar yvi dette «rare» at ho ikkje
hadde vori glad i noko, og dette «merkelege» at ho
med all «laak Arv og ingi Upplæring» skulde ha kunna
haldi seg «heilt uppe»; ja han kunde segja henne slikt
som at «alt kunde tilgjevast so nær som Dyljing». . .
Det gjekk so vidt, at ho ofte tagna reint, og berre gjekk
og kava med Graaten.

Ein Søylekveld i November hadde dei gjengi so langt
at ho var reint utmasa; det var endaa ikkje fritt for at
ho kjende Minningar av Underlivstilfelle sitt. Dei var i
Hægdehaugsvegen, ikkje langt ifraa Bustaden hans; ho
sagde at no maatte ho kvile. Gakk med upp til meg og
drikk eit Glas Vin, sagde han; ho fylgde. Daa ho hadde
kvilt seg noko, gjekk dei ut att; og so tok han til med
dette um Folkesnakke. Slikt som dette burde De ikkje
gjera, veit De, sagde han. Jaso, svara ho; eg hev elles
gjort slikt fyrr. — De er modig! — Saman med godt
Folk hev eg alltid kjent meg trygg. — Ja, ja; ein kann
vera trygg ... Men um De no ein Gong vart glad i ein;
gift... Mannen kjenner Dykk ikkje; han kann ikkje

274

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0276.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free